Politikk

Tenketankar og PR-byrå

Det å smi nye tankar, å analysere samfunnet og foreslå ny politikk og kjempe for desse har tradisjonelt vore gjort i parti, folkerørsler og fagrørsla. No ser vi at PR-byrå og tenketankar har overtatt ein god del av dette.

Foto: Tony Alter/http://www.flickr.com/photos/78428166@N00/5042663469/

Skal vi stå på utsida og vente på at nokon opnar døra, eller skal vi lage vår eiga dør? Foto: Tony Alter

Eg synst denne «profesjonaliseringa» av politikken er ei trist utvikling. Eg meiner det er eit ideal at politikk skal oppstå gjennom vanlege folk. Eg er likevel ikkje trygg på at det er mogleg å stoppe denne prosessen – i alle fall ikkje på kort sikt.

Til no har Civita vore den domineranda spelaren. Den jobben som er gjort der har vore ein viktig del av grunnlaget for den borgarlege sigeren og det borgarlege samarbeidet. Det er derfor ikkje underleg at det kjem initiativ frå sosialdemokratiet for å lage eit sterkt alternativ til Civita.

Dette alternativet skal heite Agenda, og skal gjere det på venstresida som Manifest, Res Publica og Progresiv ikkje har klart, å vere eit alternativ til Civita. Eg er glad for alt som styrkar venstresida, sjølv sosialdemokratiet. Men, det er nokre spørsmål vi bør diskutere:

  1. Alle, eller i alle fall dei fleste tenketankane og PR-byrå ligg i Oslo. Får dette konsekvensar for kven som får innverknad på politikken? Kven sin røyndom vil ligge til grunn for tankesmiinga?
  2. Korleis kan vi bruke dei nysmidde tankane i partiarbeid, fagrørsler og andre organisasjonar til å styrke desse? Vi vil vel ikkje at parti skal bli fanklubbar til tenketankane?
  3. Bør vi starte jobben med å opprette tenketankar (både på høgre og venstresida) i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Vestlandet?
  4. Korleis skal vi eventuelt kunne finansiere desse slik at dei kan konkurrere med oslobaserte tenketankar om å definere røyndomen?
  5. Kva ideologi skal ligge i botn til tenketankar på venstresida? Er dei eit grått styringssosialdemokrati, eller er det eit ønske om å utvikle velferdsstaten og demokratiet?

Eg har ikkje gode svar på alle desse spørsmåla, men trur dette er noko vi må tenkje hardt på. Eg er og ganske sikker på at om vi som ikkje bur i Oslo ikkje skal bli overkøyrt må vi starte arbeidet med å få våre eigne tankar opp å stå.

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.