Hangouts, Ikkje politikk

Sju ting å tenke på før du bruker Hangout on Air

Hangout on Air (HoA) er eit ganske nytt tilbod frå Google, som eg ikkje har sett brukt så mykje i Noreg. Eg synst det er eit kjemespennande nytt medium som har eit enormt potensiale i politikk, marknadsføring og undervisning.

Kva er Hangout on Air

Hangout on Air er i botn ein videosamtale med opptil ti deltakarar. I utgangspunktet liknar det litt på skype sine videosamtalar. Det som gjer HoA spesielt er at samtalen kan vere offentleg. Det betyr at du kan ha ein samtale som alle andre i verda kan sjå på. Ditt eiga talkshow! Samtalen blir sendt live på Google+ og på youtube. Det betyr at du og kan embedde/bygge inn videoen på bloggen din eller ei anna nettside.

Eg har gjort nokre forsøk med å bruke dette i politisk samanheng. Eg har invitert stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (og andre) til å diskutere politikk og andre til å kommentere og spørje undervegs.

Eg synst sjølv dette har fungert godt, og har fått fine tilbakemeldingar. Men, eg trur vi framleis har eit stort utviklingspotensiale. Under har eg bygd inn nokre av samtalane eg har hatt. Ta gjerne ein titt.

Ut frå dei erfaringane eg har gjort så langt har eg nokre tips å dele

Sju tips

  1. Test alt på førehand, spesielt er det viktig å teste at gjestane dine er pålogga og kan bli med. Det er seriøst stressande å drive naudhjelp på telefon rett før sendinga skal starte for å få folk med.
  2. Bruk tid på førehand å fortelje om hangouten slik at du faktisk får folk til å sjå på. Det er litt trist å vere åleine
  3. Som vert er det viktig å gjere seg godt kjent med mekanikken. Du skal helst vere i stand til å delta i ein intelligent samtale, samstundes som du følgjer med på spørsmål og kommentarar frå fleire kjelder. Det klarer du ikkje utan å ha gjere deg godt kjent med korleis ting foregår på førehand.
  4. Sjekk at bakgrunnen der du sit ikkje skaper feil assosiasjonar eller at det ser ut som merkelege ting stikk ut av hovudet ditt.
  5. Tenk nøye gjennom kva du faktisk skal snakke med folk om, og sørg for at dei du skal snakke med og kjenner temaet. Det er grensar for kor spennande ting som berre er improvisert er.
  6. Sjå i kameraet, og ikkje på skjermen framfor deg. Dette er noko eg stadig syndar mot, og det er ikkje bra.
  7. Vere budd på at ikkje alt går etter planen. Sendinga er jo live trass alt.

 

Eg blir glad om du bidrar med eigne tips i kommentarfeltet, og svarer gjerne på spørsmål om du har det.

 

Standard
Politikk, Satire/ironi/humor

Islamifisering og kristendomifisering

I dag er eg blitt  utsett for både islamifisering og kristendomifisering. I dag hadde vi julelønsj på jobben, og trur du ikkje eg fekk juletapas! Eit tydeleg teikn på at islam overtar samfunnet – heilt sikkert.

Neste gong eg vart utsett for religionen si krypande overtaking av samfunnet var då eg kom i barnehagen. Der er eg van med heidenske symbol som nissar og juletre. Men i dag – dei første orda dotter mi sa til meg då eg kom var:

— Ære være gud i det høyeste!

Jaja, glatt er det no uansett.

Standard
Hangouts

Diskutere norsk politikk etter valet?

Hangouten er over, og du kan no sjå opptaket under her

Ny hangout i kveld. Eg vil diskutere med Torgeir Knag Fylkesnes med hovudfokus på norsk politikk etter valet. Vi er live frå klokka 2100 i kveld. I kveld kjem vi og til å invitere folk inn i sjølve samtalen om du vil delta med ein kommentar eller eit spørsmål.

Gje meg eit hint på eventsida om akkurat DU vil inviteres inn

Håper å høyre frå deg i kveld

Standard
Småplukk

Juleribbe og juletapas

Det er no eigentleg litt underleg at svineribbe skal vere det ypperste å ete julekvelden. Det er så viktig at det blir politisk strid om ein foreslår å ete noko anna.

Korfor er dette underleg, jau fordi jula i dag er ei kristen høgtid, vi feiar at “det er oss en frelser født” og i følgje bibelen så skal vi ikkje spise gris:

Herren sa til Moses og Aron:  Sei til israelittane: Dette er dei dyra som de kan eta av alle dyreslag på jorda:  Alle som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta. Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;  og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;  og haren, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;  og grisen, for han har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje, han er urein for dykk.  Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.

Så er det jo og litt artig at grashopper spesielt er tillatt å ete i følgje bibelen, men det har kanskje ikkje så mykje med norsk juletradisjon å gjere?

Juleribba er det siste bolverket mot islamsk overtaking av Noreg skal vi tru Odin56. Foto: Lars Røed Hansen

Juleribba er det siste bolverket mot islamsk overtaking av Noreg skal vi tru Odin56. Foto: Lars Røed Hansen

Men like relevant i ein diskusjon om norske juletradisjonar er det at ribba er ganske ny julemat i Noreg. Går vi hundre år attende i tida så var det mange som ikkje hadde komfyr. Og, utan steikeomn er det vanskeleg å lage seg ei ribbe. Det krev sin kokk å steike ribbe på spidd over grua. Det fanst heller ikkje så mange grisar i Noreg dersom vi går tilbake i tida.

Då blir den maniske reaksjonen til Odin56 på at dei skal spise juletapas på Stortinget ganske komisk:

 Så til og med Stortinget kryper og bøyer seg i støvet for muslimer – og gir avkall på sine juletradisjoner for at de ikke skal «støte» et kravstort brautende lite mindretall i Norge. Fy faen hvor kvalm jeg blir av feige norske politikere som ikke tør stå opp og hevde sine lange tradisjoner.

Dette er ein av dei mildare reaksjonane ein kan finne på divere forum og diskusjonssider.

Senterpartiets Sandra Borch er og tydeleg på facebooksida si:

Ser at Arbeiderpartiets Cecilie Terese Myrseth sier ja til juletapas som julemiddag på fylkestinget til neste år. Jeg advarer, jeg kommer til å protestere. Ja til juleribbe!#verdiradikal v.s #verdikonservativ

Eg må innrømme at eg ser fram til fakkeltoget utanfor fylkeshuset i protest mot juletapasen. Reknar med at protestane blir minst like omfattande som protestane mot skolenedleggingane.

Nei, skal du følgje norsk tradisjon så er det nok torsk eller graut med store mengdar heimbrygga øl som er det einaste rette.

Forøvrig synst no eg du skal spise det du synst er godt til jul. Sjølv fjellgrevling om du så skulle ønske

Standard
Politikk

Sju grunnar til å ikkje stemme Høgre (eller Frp) neste gong

I løpet av kun kort tid har vi fått sju gode grunnar til å ikkje stemme på Høgre neste gong det er val. Ikkje for det, eg hadde ingen planar om å stemme Høgre uansett, men så til grunnane:

  1. Høgre (og Frp) vil sentralisere Noreg. Dei legg ned arbeidsplassar i Vadsø og Tromsø for å flytte dei til Oslo og Bergen (med god støtte frå Venstre)
  2. Høgre (og Frp) vil ikkje bygge kommunale utleigebustader i Tromsø og stemte mot dette i budsjettet for 2014
  3. Høgre (og Frp) tappar sparefondet vårt for 900 millionar for at vi skal sleppe å betale 500 millionar i bompengar.
  4. Høgre (og Frp) kuttar i tromsøskolen og visert mistillit til lærarane, seier Skolenes Landsforbund og Utdanningsforbundet
  5. Ja, Høgre (og Frp) vil faktisk ha Bestemor ut på anbud, og det utan at kommunen sine eigne folk får komme med tilbod på drifta.
  6. Også tar dei torsken frå kystflåten
  7. Vi må heller ikkje glømme at dei vil la legane sleppe å henvise til abort. Sårbare kvinner må heller ta støyten

Har du fleire grunnar til å ikkje stemme Høgre (eller Frp)? Eller kanskje grunnar til å stemme Høgre (eller Frp) trass alt. Skriv i kommentarfeltet.

Standard