Makerspace av Jan Gessner
Troms og Tromsø

Det skapande Tromsø

Tromsø er ein skapande by. Innafor kunst og kultur i vid forstand skjer det enormt mykje heile tida. Det er noko av det som gjer Tromsø til ein levande by, til ein stor by sjølv om byen eigentleg er liten.

Skal byen halde fram med å vekse, må vi utvide det skapande rommet. Vi må i større grad legge til rette for dei som vil skape ting, maskinar og dataprogram. Ja, for dei som skaper med hendene.

The Maker Movement

makerI USA finst noko som ein kallar «the maker movement». Den består av folk som tilpassar det butikkjøpte, som hackar alt av elektronikk, som bygger nytt alt frå ein grill til ein robot, som utnyttar den nyaste teknologien eller brukar hammar og sag for å skape nye ting. Gjerne basert på ting som er kassert av andre. Dette er det sjølvsagt mange som driv med i Noreg og, men kanskje har vi mykje å hente på å bringe folk saman og skape eit miljø for å lage ting?

Ut av dette spring ein kultur for å skape, like livgjevande og viktig som den skapande kunsten. Og akkurat som kunst og kultur skaper verdiar for samfunnet anten i reine kroner eller ved å gjere livet meir spennande, vil  det å gje folk reiskapen til å lage ting, gje dei same ringverknadene.

«Dersom du kan forestille deg det, kan du lage det» er mottoet til desse lagarane.

Eg har latt meg fasinere av det enorme spranget i ting som blir modifisert, bygd og skapt. Det kan vere alt frå korleis du ettermonterer ein elektrisk motor i ein snøfresar til ein sprettball som roper “hjelp mamma” kvar gong den treff golvet. Noko er berre artig, anna er vakkert, og noko gjer kvardagen enklare. Slik dei som laga seg ein fjernstyrt snøfresar. Det hadde vore greitt å ha i Tromsø vinterstid.

Billig datakraft

I dag er moglegheitane for å lage noko nærmast uendelege. Med billige komponentar, datakraft frå Arduino-boards og Raspberry Pi (datamaskinar til nokre hundrelappar), 3D-skrivarar og eit levande miljø for deling både på nett og lokalt er det berre fantasien som set grenser. Det å sleppe all denne kreativiteten laus kan omskape samfunnet.

Eg meiner vi må gjere Tromsø til ein skapande by på nye område og legge til rette for såkalla «makerspaces», vi kan kalle det verkstader, med verkty, opplæring og fellesskap rundt det å lage. Desse verktya kan vere med å inspirere dei som i dag skaper ting i sin eigen garasje eller på sitt eige hobbyrom. Fellesskapen kan skape nye idear og nye måtar å jobbe på.

Slike verkstader i bydelane, slik vi har ungdomsklubbar og kulturskoletilbod, vil kunne bidra til eit skapande Tromsø. Det vil kunne nå vaksne og ungdom som i dag ikkje har eit tilbod som dei føler er sitt. Dette er ikkje noko som kommune og stat kan eller skal gjere åleine. Det må skje i samarbeid med næringsliv og organisasjonar. Kompetanse og kunnskap finst i mange institusjonar og bedrifter i Tromsø. Alle kan ha ei rolle i å bidra til at unge og gamle kan lage og skape det dei forestiller seg i eit interessant miljø.

Pellementmakarar

Eg vil gjerne at vi gjev pellementmakarane og Reodorane i Tromsø ein plass dei kan utfolde seg i. Kanskje kan det bli fleire av dei. Og kanskje kan eit nytt industrieventyr vekse ut av ein verkstad eller ein garasje i Tromsø.

Like viktig trur eg dette kan bli som ein arbeids- og læringsarena for skolane. Sjå for deg at vi har sløydsal, metallarbeidsrom og datalabb i eit rom der vi kombinerer teori og praksis på heilt nye måtar. Det kan gje eit utruleg rom for læring for både hovud og hender. Eit grunnlag for å sjå korleis teorien fungerer når han møter røyndomen.

Å gje status til å utvikle idear, til å lage og skape ting vil gjere Tromsø til ein meir spennande by. Det vil gje fleire moglegheit til å bruke det kreative som bur i dei, men det vil og auke sjansane for at nye bedrifter vil oppstå, ny industri og dermed ei ny framtid for byen og regionen vår.

Kidsa koder

Frå England har det kome ein ide om å lære ungane våre data. Ikkje data som å kunne bruke Word eller Paint, men for å kunne skrive kodane som driv datamaskinane og programma. I fleire norske byar finst noko som heiter “kidsa koder”. Det er klubbar eller kurs der ungane kan lære det nye språket som styrer datamaskinar, ja alle maskinane rundt oss. Eg skal på ingen måte samanlikne programkode med poetisk språk, men det som kjem ut av eit dataprogram, kan gje både den som koder og den som skal bruke programmet stor glede.

Det å skape kan ta mange fasongar. Det kan vere eit måleri, eit musikkstykkje, teater, video eller skulpturar. Men det å skape er og å lage ting. Å lage dataprogram og ikkje minst å kunne kombinere  kunst, design og ting til noko nytt som appellerer til oss.

Derfor la oss bidra til å sleppe laus dei som lager. Kanskje eg til neste år kan ligge på sofaen og styre ein snøfresar som tilsett snøen farge og lagar ein regnboge medan gårdsplassen blir rydda?

Foto: Mitch Altman/ http://www.flickr.com/photos/maltman23/6954963995/ og Jan Gessner http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bay_@_Milwaukee_Makerspace.jpg

Standard

5 thoughts on “Det skapande Tromsø

  1. l says:

    Fantastisk! Tenk om dette kunne bli noko av! Næringsliv – næringsliv – kom på banen! Vis engasjement og kreativitet!

  2. Har vært innom tanken selv, noe sånn her burde jo være mulig å få til i Tromsø. Masse folk og miljøer med teknologiinteresse og -kunnskap her i byen, sannsynlig vis flere enn man skulle tro.

    Hvordan står det til i de andre norske byene? Er det f.eks noe i Oslo?

  3. Helt enig, dette er som musikk i hjertet! Vi har blitt inspirert av makermovementet verden over, også av Mesh i Oslo og Digs i Trondheim med sine Makerspaces og Maker Faires.

    Nå har vi gått sammen en gjeng med håndverkere av forskjellige slag og teamet opp med Flow og Nordnorsk Vitensenter for å dra i gang et Makerspace i Tromsø. Vi åpner Form Makerspace i Oktober, mer informasjon her:
    http://www.formspace.no

    Vi gleder oss til å «Make» sammen!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.