Ikkje politikk

Godt nytt år

Då er vi i gang med eit nytt år. Eg tør ikkje spå så mykje om det nye året, men nokre få spådomar skal eg kome med:

  1. På denne bloggen vil det kome innlegg som er kritisk til høgrestyret både i Tromsø og i Noreg
  2. Politikken i retning større skilnader vil halde fram i Noreg.
  3. Nokre vil klage på at bustadprisane er for høge, andre vil klage på at prisane ikkje stig fort nok.
  4. Eit forsett om å gjere Noreg mindre avhengig av olje vil dessverre ikkje bli gjennomført i år heller

Nokon som vil vedde mot meg på desse spådomane? Nei, eg trudde ikkje det.

Bloggåret 2013 var for denne bloggen litt så som så. Eg hadde ein god del færre lesarar i 2013 enn i 2012. Ein av grunnane til det var at det i 2012 vart lenka til denne bloggen frå VG eit par gongar, noko som gjorde at besøkstala fauk i vêret. I 2013 skreiv eg nok ingenting som var interessant nok for VG.

Eg blir ofte litt forundra når eg ser kva innlegg som blir mest lest på bloggen. I fjor var det mest leste innlegget eit med den sexy tittelen «Den fylkeskommunale parlamentarismen i Troms«, medan andreplassen vart inntatt av det like sexy «Ein parlamentarisk farse«. Det er tydeleg at dei som les denne bloggen ikkje er mellom dei som klikkar mest på overskrifter som «Se Rihannas ti mest sexy private bilder» OK, no er eg faktisk litt spent på kva for ei av desse tre lenkene som kjem til å få flest klikk. Ikkje skuff meg kjære lesarar, vis at dokker er opptatt av meir enn parlamentarisme!

Tilsaman har eg skrive 617 innlegg på denne bloggen (nokre få av innlegga er skrivne av andre, eg tar gjerne mot gjesteinnlegg om du har noko på hjartet) sidan bloggen vart oppretta i 2005. Åtte år med meir eller mindre aktiv blogging er eg godt nøgd med. Gjennom desse åtte åra er «NRKSUPER og Superia – supert av NRK» det mest leste innlegget av alle. Det skreiv eg i 2009, og det er framleis på topp fem lista.

Til sist, tusen takk for at du les, og kanskje kommenterer det eg skriv. Eg set kjempestor pris på det. Dersom du ikkje vil gå glipp av noko på denne bloggen i 2014, finst det mange måtar å halde seg oppdatert på.

Så til slutt, sida det er så populært får eg vel avslutte med ein litt skremmande selfie frå julkvelden, og med det ønske alle eit glitrande godt nytt år!

Pål Julius Skogholt

Standard

One thought on “Godt nytt år

  1. l says:

    Flott oppsummering og strålande bilete. Eg er kry av deg. Bloggen din tvingar meg til å følgje med og gir meg mange tankar. Viktig for meg. 🙂

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.