SV må forklare kvifor det er store økonomiske kriser som først og fremst går ut over vanlege menneske (ikkje dei som er rike) i mange land. Eg har tankar om at det har noko med manglande økonomisk styring i den vestlege verda å gjere, men eg har ikkje kunnskapar nok til å forklare. Vi treng kunnskapar om dette og kvifor vi har klimakrise, kvifor avstanden mellom fattige og rike i verda blir større, kvifor eit asyl-barn er mindre verdt enn andre barn og at framtida blir så usikker. Dette må SV kunne forklare slik at vi forstår, for vi vil ikkje ha det slik. Vi vil ha tillit til at framtida er trygg for alle våre barnebarn.
Folket må opplysast!