Økonomi, Troms og Tromsø

Privatiseringsbonanza i Tromsø

Frps Kristoffer Kanestrøm har starta ein offensiv for byråkratisering av Tromsø kommune. Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune

Frps Kristoffer Kanestrøm har starta ein offensiv for byråkratisering av Tromsø kommune. Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune

Om to dagar, torsdag 24. april kjem byrådet i Tromsø (H,Frp og V) til å godkjenne tre store privatiseringsprosjekt i Tromsø. Det gjeld heimetensten, matproduksjon for pleie- og omsorgtenesta, 15 heildøgns omsorgsplasser og 20 dagsenterplasser. Dette gjer dei utan ein diskusjon i kommunestyret. Eg synst det er rart og udemokratisk at så store endringar blir gjort utan at kommunestyret er involvert.

Ein ting er at denne privatiseringa vil svekke den demokratiske styringa med viktige tenester i kommunen. Ein annan ting er at vi har dårlege erfaringar med anbod i Tromsø kommune. Det tredje er at dette vil føre til meir byråkrati og kontroll, når det vi treng er å gje fagfolk tillit og moglegheit til å gjere jobben sin. Byrådet skriv i saksframlegget sitt:

Når private utfører tjenestene på vegne av kommunen, har kommunen ikke mulighet til å følge opp private leverandører på samme måte som en kommunal leverandør. Det er derfor viktig at kommunen sikrer seg kontroll med leverandørens ytelser til brukerne gjennom kontrakt. Kontrakten må regulere kvalitetskravene til tjenestene, gi kommunen rett til å kontrollere at tjenesten holder den pålagte kvaliteten og ilegge sanksjoner dersom kvaliteten ikke overholdes.
Overgang til å styre på kontrakt fremfor på tillit innebærer at kommunen må utvikle robuste og effektive oppfølgingssystemer som tydelig tilkjennegir hvordan en systematisk vil følge opp tjenesteleveransen, f.eks. på kvalitet mv. og hvordan f.eks. avvik følges opp. I tillegg skal timelister, arbeidsplaner og arbeidsavtaler kunne kontrolleres ved stikkprøver.

Det dette betyr er at skattebetalarane i Tromsø får to nye utgiftar dei må betale. Til no har vi betalt for det tenestane kostar å utføre. I framtida må vi i tillegg betale for den profitten dei som får kontraktane skal ha, og vi må betale det det kostar å kontrollere at jobben blir gjort på ein forsvarleg måte.

Eg spår at over tid og om du reknar inn alle kostnader vil anten dette bli ei dyrare løysning, eller så vil tenestene bli dårlegare.  Nokon som vil vedde mot?

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Politikk, SV

Lykkeleg av eit TV-program

Det er sjeldan at eg blir glad av eit TV-program. Det vart eg av dagens program om sekstimarsdagen. Eg blir glad av tal som fortel at vi faktisk kan velje om vi vil jobbe som no og auke forbruket vårt tre gonger eller redusere arbeidstida, betale meir skatt og likevel fordoble forbruket vårt.

For meg er valet enkelt. Eg vil heller ha kortare arbeidstid enn uforskamma mykje meir pengar. Eg er og glad for å vere med i eit parti som har tatt tydeleg standpunkt for sekstimarsdagen. I arbeidsprogrammet står det:

SV mener det er tid for å ta ut noe av velstandsutviklingen i kortere arbeidstid. Det vil gi økt fritid for den enkelte, og bidra til at flere kommer i arbeid. Fagbevegelsen har fått gjennomslag for kortere arbeidstid. Det er et politisk ansvar å følge opp disse seirene for å bane vei for nye milepæler. SV går derfor inn for å lovfeste en arbeidsuke på 37,5 timer. SV går inn for nye forsøksordninger med redusert arbeidstid. SVs mål er seks timers normalarbeidsdag.

Bli med på laget då vel!

Standard
Politikk

Kommunesamanslåing med dårleg rygg

Kanskje er det litt nerdete å tenkje på kommunesamanslåing, men det får våge seg.

Gå aldri meir glipp av eit innlegg

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard