Ja, eg jobbar 7.5 time, og må vere på arbeidsplassen slik du seier. Og, for dei fleste er det nok slik. Men, eg har eit greitt kontor, mulegheit for å konsentrere meg. Eg står ikkje framfor ein klasse mange timar kvar dag etc etc. Eg jobbar ikkje 43,5 time mesteparten av året med avspassering i juni. Eg rettar ikkje prøvar etc etc. Eg seier ikkje at det ville vore ein katastrofe om lærarane skulle vere på skolen 7,5 timar kvar dag om dei fysisike tilhøva låg til rette for det, men eg trur den fleksibiliteten som lærarane har gjev betre undervisning, eg trur det får flinke folk til å velge læraryrket og dette trur eg vi mistar dersom dette blier pålagt lærarane i ein prosess der dei ikkje har tillit til arbeidsgjevaren