Det vil sjølvsagt alltid vere kommunar som ikkje fungerer godt. Men, organisasjonar er ikkje statiske. Dei endrar seg med folka som er i organisasjonen. Ein kommuneorganisasjon vil endre seg med rådmann etc. Og, kven skal sette seg til doms over kva kommunar som fungerer godt eller ikkje, og skal kommunesamaslåingar foregå i takt med endringar i organisasjonskultur. Det kan godt vere at kommunesamanslåing er bra for kommunar som ikkje fungerer godt, men det vil vere eit vanskeleg kriterium å bruke for å velge kven som skal slåast saman.