Flyfoto av Universitetet i Tromsø. Fotograf: Maja Sojtaric/wikimedia commons
Politikk,Troms og Tromsø

Den underlege universitetsdebatten

Eg har med stigande undring følgt debatten, eller skal vi seie krangelen om den framtidige universitets- og høgskolestrukturen i Nord-Noreg. Denne diskusjonen har til no handla i all hovudsak om kven som skal få makt. Er det Universitetet i Tromsø eller Universitetet i Nordland som skal underlegge seg dei andre? Det som har mangla nesten totalt i debatten, men som er det viktigaste er; korleis skaper vi eit utdanningstilbod som er så godt som råd er for innbyggarane i landsdelen. Korleis bidrar vi best til forsking i verdsklasse?

For det første er det ei skeivdeling av utdanningstilbodet i dag. Dei som bur i Tromsø har eit betre tilbod enn alle andre. Dei som bur i Bodø har eit betre tilbod enn alle dei andre unntatt dei som bur i Tromsø. Alle kan sjølvsagt reise til desse byane, men kostnaden med det er ulikt fordelt. Hovudspørsmålet vi må diskutere er korleis vi kan sørgje for at så mange som råd kan vi eit tilbod som liknar det vi har i Tromsø, helst utan å måtte flytte.

Vi kan til dømes titte litt på Høgskolen på Nesna. Dei er blant dei mest innovative til å tilby utdanning desentralisert, nettstøtta og med samlingar. Mellom anna i samarbeid med Stockholms Universitet og uNordic. Vil slike initiativ bli styrka, svekka eller urørt av ein fusjon. Eg trur at ein samla institusjon kan komme til å vere eit hinder for slike initiativ. Kanskje er ein av grunnane til at Nesna får det til at dei er ein liten institusjon som må gjere ting på ein ny måte for å overleve? Dette burde ein samanslåingsdebatt handle om.

Vil ein fusjon gjere oss i stand til å tilby heile breidda av fag på breiddeuniversitet i Tromsø til heile landsdelen, eller vil vi få mange år der institusjonane blir innovervendt i eit forsøk på å få nye strukturar på plass? Og vil dette skje medan resten av verda har stor fart framover?

Så er neste spørsmål, blir forskinga betre av samanslåing. Eg skal sjølvsagt vere forsiktig med å vere skråsikker, men svært mykje forsking foregår i dag i nettverk. Nettverk som er internasjonale og der team som jobbar med det same jobbar i lag på tvers av institusjonar og landegrenser. Skal du ha pengar frå forskningsrådet vil det nesten alltid vere ein fordel å ha med internasjonale partnarar. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere fordelar med å kople forskarane på fiskerhøgskolen nærmare med dei som jobbar med akvakultur i Bodø, eller at dei to handelshøgskolane kunne jobbe nærmare saman. Slik er det sjølvsagt på fleire område, og kanskje er teknologi det området der potensialet er størst. Men er det slik at vi må slå saman desse institusjonane for å kunne samarbeide? Konsekvensen av ein slik tankegang er at samanslåingane aldri stoppar. Eg er redd for at konsekvensen av ei samanslåing fort blir interne stridigheiter om ressursar framfor kreativt arbeid for å få framgang i vitskapen.

Då gjenstår argumenta om økonomi, ein felles nordnorsk stemme og at det blir enklare for Kunnskapsdepartementet å forholde seg til færre institusjonar. Eg tvilar på at økonomien blir betre, eg trur heller det blir eit nytt lag med administratorar. Dei andre argumenta er ikkje tunge nok til å vere grunnlaget for ei samanslåing.

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.