Byrådet har gjort mykje – galt

Byrådsleiar Øyvind Hilmarsen har eit innlegg i Nordlys der han fortel om alt det fantastiske høgrebyrådet har gjort for byen. Naturleg nok når ein skal skryte viser han berre fram glasuren. Innlegget hans er eit svar til gamalordførar Herman Kristoffersen som hevdar at byrådet ikkje har gjort noko dei 1000 dagane dei har styrt. Dessverre tar begge feil. Byrådet har gjort mykje galt.

La oss ta ein titt på noko av det byrådet faktisk har gjort.

Dei åra høgre har styrt Tromsø har prisen på alle kommunale tenester gått i vêret. SFO-prisane har gått opp med 20%. Kulturskolen er blitt 28% dyrare, bruk av idrettsanlegga er blitt ca 15% dyrare. Samtidig har den generelle prisstigninga i Noreg vore fire prosent, medan eigedomskatten i Tromsø har gått ørlite ned. Er det greitt å sette ned skatten for å auke brukarbetalinga? Eg synst ikkje det.

Få er klar over at byrådet har tømt kommunekassa for meir enn ein halv milliard kroner. Dette er verdiar som dei folkevalde ikkje lenger kan styre over. Kontrollen er overført til styre i aksjeselskap og i den nye pensjonskassa. Styrer som står til ansvar overfor byrådet, ikkje overfor innbyggjarane i Tromsø. Dette er ei form for privatisering som vanskeleg lar seg reversere.

For å finansiere pensjonskassa har kommunen overført eigedomane Heracleum, Laureng og Slottet (Bydrifts anlegg på Skattøra) til pensjonskassa. Trikset er at kommunen skal leige bygningane tilbake og betale leige til pensjonskassa. Her er enno mykje uklart – for eksempel kva som kjem til å skje med husleiga til dei som bur på Heracleum og Laureng. Kommunen har vedtatt at ei slik overføring av eigedomar ikkje skal koste kommunen noko – altså skal dei som bur på Laureng og Heracleum betale husleiga som pensjonskassa krev.

Det mest alvorlege er likevel at dersom pensjonskassa, som skal forvalte pensjonsmilliardane på børsen, går på ein smell slik finansmarknaden gjer med ujamne mellomrom, vil det vere fare for at eigenkapitalen går heilt eller delvis tapt. Med tankar om terrakommunar i bakhovudet er dette skummelt. Det vil vere betydeleg tryggare å vere medlem av ei større kasse med profesjonell drift, som KLP. KLP er eit gjensidig selskap som er eigd av kundane som for det alle meste er norske kommunar, fylke og helseforetak. Då er det fleire som deler på risikoen.

Privatiseringa i kommunen tar verdiar frå arbeidarane. Det siste er at reinhaldarane i kommunen skal overførast til eit aksjeselskap, eit selskap som sikkert blir selt etterkvart. Den overføringa gjer at reinhaldarane kan miste delar av pensjonen dei har spart opp til. Finansbyråden seier det beint fram i Nordlys sjette oktober i år:

«Dersom det blir et AS vil det kunnemeldes inn i NHO og følge NHOs tariff. I og med at de ansatte dermed ikke lenger jobber i kommunen, men i et aksjeselskap, vil de kunne miste sin pensjonsordning Der har kommunen en mulighet til å spare penger.»

Kva dei bruker pengane dei sparer på er ikkje godt å vite. Kanskje kastar dei bort pengane på omkampar om E8? Dei går i alle fall ikkje til skolen. Det første byrådet gjorde då dei fekk makta i Tromsø var å kutte på skolen. Hilmarsen skryt av meir etterutdanning og det er bra, realiteten er likevel at skolen har mindre å drive for no. I 2012 kutta dei ni millionar, i 2013 nesten sju millionar til. Litt vart tilbakeført i år, men på langt nær nok.

Hilmarsen skryt av at dei regulerer mange tomter. Det er vel og bra, men det blir likevel ikkje bygd meir enn 50-70 bustader i kvartalet. Det er på langt nær nok for å dekke behovet. SV har foreslått at kommunen må gripe inn og få fart på bustadbygginga. Alle forslaga våre blir nedstemt.

Problemet er ikkje at byrådet gjer for lite, problemet er at det byrådet gjer er feil.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

3 Replies to “Byrådet har gjort mykje – galt”

  1. Din blogg gir perspektiv. Men hvorfor kommenteres ikke de 40 sykhjemsplasser som Hilmarsen sier de har opprettet? Og hvor mange av disse plassene er utnyttelse av rom som ikke er beregnet for pasienter i et forsøk på å skaffe plasser som ikke kom på Mellomveien nå i høst?

    1. Godt poeng Jan-Thore, skal titte litt på den problemstillinga

  2. Gerd Bjørhovde sa:

    Veldig bra innlegg, Pål Julius!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.