Arbeid og trygd,SV,Troms og Tromsø

Arbeidsmiljølov og tromsøordførar

Det er ikkje ofte det er så mange samla på torget i Tromsø som i dag. Eg har vore på ein del demonstrasjonar på torget i Tromsø og det er ikkje ofte eg har ei oppleving av at no er det fullt på torget. No var det faktisk litt trangt. Eg veit ikkje kor mange vi var i dag, men eg veit det var ei massiv markering mot dei endringane som er blitt foreslått i arbeidsmiljøloven av regjeringa.

Innlegget som videoblogg:

For meg er det mest alvorlege som er blitt foreslått er at normalarbeidsdagen skal bli lengre og det skal opnast for meir helgearbeid. Det er ikkje slik at eg ikkje vil arbeide, men det er ein stor verdi at vi har fri omtrent samtidig. Dersom eg vil slarve med naboen, drikke øl med ein kompis, gå på ski med ungane så er det greitt at folk har fri på omtrent same tid og jobbar på omtrent same tid. Det er det som er fridom. Å kunne ha det godt saman med famile og venar. Det blir vanskelegare om partiet for folk flest får det som dei vil.

Men, eg kan ikkje lage ein blogg utan å kommentere det store politiske jordskjelvet i Tromsø. Eg tenkjer sjølvsagt på at ordføraren i Tromsø,  Jens Johan Hjorth trakk seg frå Høgre lista etter å ha forsøkt seg på eit kupp.

Eg må berre innrømme det,  eiga lykke er ikkje å forakte,  men andre si ulykke er veldig bra det og,  og det er ingen tvil om at dette er ei ulykke for Tromsø Høgre.  Eg skal ikkje seie at valet er over,  men det er blitt enklare for den utvida venstresida (hvori opptatt Ap)  å vinne valet.  Dessutan har sjansen for ein SV ordførar auka kraftig.  Det kan fort skje dersom Ap skulle finne på å insistere på parlamentarismen etter valet.  Eg håper dei tar til vett og at vi går tilbake til formannskapsmodellen,  men  Ap seier dei ønsker denne dårlege og dyre styringsmodellen.

Til slutt, regjeringa har sendt ut på høyring eit forslag om at det skal bli forbudt å spørre etter hjelp i Noreg.  Høyringsfristen er 15. februar. Eg liker ikkje tigging,  men det er ikkje slik at vi kan forby alt vi ikkje liker.  Vi må tole å sjå fattigdomen.  Vi kan ikkje forby den.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.