Betre transport i Tromsø

Den viktigaste transportutfordringa vi har i Tromsø er, korleis kjem vi oss frå A til B på ein rask og billig måte samtidig som vi tar vare på miljøet. Både det store miljøet i form av klimaendringane, og det lokale miljøet i form av vegstøv og jordvern.

SV meiner at det ikkje kan vere tvil om at å få fleire til å bruke buss, å få fleire til å gå og få fleire til å sykle er ein viktig del av løysninga.

Bilde av ein tromsøbuss
Vi treng fleire og raskare bussar i Tromsø.Foto: calflier001/WikimediaCommons
  • Vi må få til eit enno betre busstilbod. Vi må vere trygge på at bussen kjem når han skal komme, vi må ha ein buss som går oftare, og i rushtida treng vi fleire direktebussar. I SV ser vi og for oss at vi bør opprette eit offentleg eigd busselskap for å drive bussan ei Tromsø når dagen anbud går ut og nye kontraktar skal skrivast.

  • Vi må legge betre til rette for dei som syklar. Vi treng eigne sykkelvegar langs dei viktigaste rutene. Det må vere sykkelvegar der syklande og gåande ikkje er saman. Når du syklar til og frå jobb skal det helst gå fort. Då er det ikkje alltid trygt å blande gåande og syklande. Langs dei viktigaste sykkelvegane må syklistane få forkøyrsrett der sykkelvegen kryssar bilvegen. Eit døme kan vere langs vestsida av Tverrforbindelsen. I alle avkøyringane frå Tverrforbindelsen har i dag syklistane vikeplikt. Det reduserer kraftig farta og tryggleiken til syklistane ned Tverrforbindelsen. Her bør vi skilte slik at bilane får vikeplikt for dei som syklar. I tillegg er det fleire og fleire som skaffar seg el-sykkel. El-sykkel er ei fantastisk oppfinning for ein bakkete by som Tromsø. Legg vi skikkeleg til rette for sykkel kan vi verkeleg auke sykkelbruken.

  • Ein av grunnane til at mange vel å bruke bilen er at vi synst det er utrygt å la ungane gå eller sykle til skolen langs utrygge skolevegar. Spesielt vinterstid kan det ofte bli trangt og uoversiktleg. Lagar vi trygge skolevegar reduserer vi trafikken (det i seg sjølv gjer skolevegen tryggare), vi gjev ungane våre gode vaner og betre helse. Tromsø treng ei storsatsing på trygge skolevegar.

Kvaløysambandet er viktig, men uansett korleis vi snur og vender på det så kjem det ikkje eit nytt kvaløysamband i morgon. Derfor blir satsinga på buss og sykkel heilt sentralt for å redusere belastninga på Sandnessundbrua og Giæverbukta. Nå ein person vel buss eller sykkel framfor bil blir det betre plass på vegen for dei som må bruke bilen. For Kvaløya treng vi verkeleg eit godt vintervedlikehald som legg til rette for sykling og fleire direkteruter med buss til Breivika og Sentrum, ruter som ikkje må gjennom rundkøyringa i Giæverbukta to gonger på kvar tur. Det kan og vere fornuftig å vurdere å einvegskøyre brua i dei verste periodane. Når eit nytt samband til Kvaløya kjem må vi og gjere noko med Giæverbukta og Tverrforbindelsen. Desse tre heng saman og må sjåast i samanheng for å få ei god trafikkavvikling. Og, for at det ikkje skal vere tvil, SV meiner vi treng eit Kvaløysamband.

Dersom ikkje byrådspartia med Frp i spissen hadde tulla det til med ny E8 på austsida kunne vi vore i gang med bygginga av ny E8, og det trengst. SV si haldning er at vi vil bygge vegen der det går raskast å sette i gang med bygginga. Framleis er det vestsida, men det kan endre seg. Det må vere slutt på å ri kjepphestar. Det er på tide å bygge vegen.

Det som er heilt sikkert er at vi ikkje får til eit stort løft for vegar og bussar i Tromsø utan større inntekter. Vi kjem dessverre ikkje utanom bompengar eller rushtidsavgift. Drivstoffavgifta er dessverre ikkje nok. Dersom vi no er litt smarte og samarbeider i Tromsø kan slike avgifter føre til ei stor statleg satsing. Vi kan ikkje greie dette løftet åleine, men vi får det heller ikkje til om vi ikkje bidreg sjølv.

2 Replies to “Betre transport i Tromsø”

  1. steinar utby sa:

    kloke og gode tanker:)

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.