Jahn-Arill Skogholt

Barn av tida

I serien «Etterlatte skrifter etter han Pappa» fekk dokker forrige gong eit politisk skrift om Storfjellvegen, denne gongen blir det ein prolog/dikt. Denne prologen er det mange som huskar og spør etter. Heilt upolitisk er ikkje denne heller

—————

Barn av tida

av Jahn-Arill Skogholt

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk
du som kom for seint til verda
vaks opp på ei søppelfylling
gjort av far og bestefedre
folk som trudde pengar kunne
kjøpe sola, kjøpe månen,
kjøpe lykke, kjøpe helse,
kjøpe kjærleik og respekt,
kjøpe tid som barna åtte,
kjøpe døtres kyss om kvelden,
kjøpe søners kalde blikk.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
barn av treet som vi trudde
eingong skulle vekse, vekse
opp i himlens høge hallar.
Lite skjøna vi at vekster
som har rot i gift og rote
veks seg tørt i grein og topp.
Lite skjøna vi at havet
som har famna, som har fødd oss
eingong skulle slå tilbake,
nekte å bli børsnotert.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk.
Barn som ser foraktfullt på oss
veit at kjærleik er ei vare
som kan myntast ut i gaver
pakka inn i glatt papir,
veit at framtida er oppbrukt
ser at soppar syg den bleike
kraft frå treets golde rot,
kjenner eigne krefter koke
koke bort, bli eit problem.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
høyr oss alle, demp musikken
høyr, vi tigg tilgjeving, nåde,
sjå, vi lagar fine planar
skrivne ned på blankt papir,
klorbleikt, glansa, godt å ta i
berre kjenn kor dyrt det er.
Sjå, du er i statistikken.
Sår oss ikkje, sei då ikkje
at vi ikkje bryr oss om deg.
Sjå, her står du; ein ressurs.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg opg hard musikk.
Gjer deg hard, still opp volumet
rus deg i musikkens under
ikkje høyr den kalde, kloke
tale frå dei gråe menn.
Ikkje høyr vår bøn om nåde
for vi burde vite, visste
at den arv som du fekk bere
det var tomme, skitne fat.
Med desserten tung i magen
lar vi oppvasken få stå.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
kanskje vil du eingong bere
ny og betre jord til treet.
Kanskje er det alt for seint.
Vil du eingong opne døra
og gå innanfor i huset
der ein gammal mann fekk døy
trygg i armen til ei kvinne
som var nær og kjær og varm.
Slik stig livet ut av tala
og blir meir enn statistikk.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk.
Demp musikken, høyr oss tale.
Kanskje har du enno evnen
til å skille løgn frå sanning.
Kanskje kan vi enno bygge
bruer til ei betre verd.
Huset står der, la oss tette
taket som er lekkt og rått.
Varsamt, varsamt snur vi jorda,
smuldrar ho og ber ho audmjukt
å gje liv til nye frø.

Standard

Ein tanke om “Barn av tida

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.