Glimt frå 1. mai i Tromsø 2015

Det var ein fantastisk dag i Tromsø. 2000 menneske i tog for ein meir solidarisk politikk i landet – og med strålande solkskin. Det er fleire enn på lang tid. Det kan knapt bli betre. 1. mai gjev energi til å stå på dei 19 vekene fram til valet.

SVs Ingrid Marie Kielland hadde ein fantastisk appell om solidaritetsbyen Tromsø. Det er ikkje utan grunn at fana med støtta til Syriske flyktningar var den som samla flest i toget. Samstundes er det ingen tvil om at mange kom til torget og til toget fordi dei er leie av konkurranseutsettinga og privatiseringa i Tromsø. Til hausten skal vi få eit nytt politisk fleirtal.

Og i kveld blir det fest!

Gunhild Johansen på torget etter å ha lest teksten under solidaritetsgudstenesta i dag. Eg fekk lov å vere med på dette artige bildet saman med SUSU går i tog . SVs fjerdekandidat Benjamin Notkevitch i midten. Kristin RøymoIngrid Marie Kielland på talarstolenBenjamin NotkevichIngrid Marie Kielland på talarstolenInternasonal appell frå Lise SundelinDesse tre skal styre byen etter valet. Frå venstre Ingrid Marie Kielland (SV), Kristin Røymo (Ap) og Jens Ingvald Olsen (Raudt)Ronny Johansen, leiar i LO i Tromsø.Konkurranseutsettinga eller privatiseringa som eg kallar det av 25% av Fagrent vart det protestert mot. Dette skal vi få omgjort.Råtøffe Anders Lind bærer flaggIngrid Marie Kielland på talarstolenArne Overrein bærer "Riv Israles apartheidmur"Ingrid Marie Kielland på talarstolenKoret syngerSV-ekteparet. Ordførarkandidat Ingrid Marie Kielland og sentralstyremedlem Endre Lund EriksenHans Christian Gabrielsen, nestleiar i LO var hovudtalar på torget i Tromsø.Hamnearbeidarane hadde ei stor rolle på 1. mai i år.

Dette innlegget har ein kommentar

  1. l

    Så flott! Gratulerer med dagen!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.