Skole,SV,Troms og Tromsø

Hjernen er ikkje aleine

Læring er meir enn teori. Skal du verkeleg lære trengst samhandling mellom hovud og hender. Derfor er dei praktisk-estetiske faga sentrale for god læring i skolen. Den store satsinga som har vore på basisfaga i norsk skole har kanskje vore viktig, men dessverre kan det sjå ut som norsk skole har pendla over i ei ganske teoritung grøft.

Eg trur vi treng å gå midt på vegen. Der det er plass til både teorifaga og dei praktiske faga. Då blir læringa best. Eg merkar det tydeleg på eigne ungar. Den store gleden dei har over timane med Kunst og Handverk og kroppsøving gjer resten av skoledagen lettare og konsentrasjoen betre. Det trur eg gjeld for mange.

Derfor vil SV i Tromsø satse meir på dei praktisk-estetiske faga i tromsøskolen. Det er ikkje nok berre med fleire lærarar. Vi treng ein skole med blanding av ulike måtar å lære på. Det får vi til med SV sitt forslag om tromsøtimen. Ein time meir i veka til praktisk-estetiske fag. Vi meiner det må fridom i skolen til å disponere denne timen. For nokre klassar og skolar kan det vere rett å bruke timen til å dele klassen i mindre grupper for å kunne ha god sløydundervisning. Andre stader kan det vere rett å gje ungane ein time meir kroppsøving i veka, andre stader skal det stå musikk på programmet.

Ei satsing på dei praktisk-estetiske faga vil og styrke elevane si evne til å kunne gjere seg nytte av god undervisning i basisfaga som matte og norsk. Læringstrykket er stort i skolen i dag – sannsynlegvis mykje større enn då eg gjekk på grunnskolen på åttitalet. Dersom elevane skal kunne utnytte dette læringstrykket må vi la dei ta heile kroppen i bruk. Derfor treng vi ein tromsøtime i praktisk-estetiske fag.

Forandring kjem ikkje av seg sjølv – stem SV

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.