Politikk,Troms og Tromsø

Kommunestyremøte i morgon

I morgon er det kommunestyremøte i morgon. Eg håper og trur det blir eit ganske så hyggeleg møte utan dei store motsetnadane. Men heilt utan diskusjon blir det nok ikkje.

Sakslista for møtet finn du her.

Åsgårdmarka

Kanskje er det Åsgårdsmarka som blir den saka som det blir mest diskusjon om. I byutviklingskomiteen gjekk vi inn for å utsette denne saka. Grunnen til det er at området ligg i randsona til Tromsømarka. Vi meiner derfor at det er fornuftig å avvente denne reguleringsplanen til vi har fastsett grensene for Tromsømarka. Det reknar eg med at vi kjem til å gjere i kommuneplanen som kjem seinare i haust. Det er aldri triveleg å utsette ei sak, men av og til er det naudsynt for å få gode beslutningar.

Dei andre byutviklingssakene har eg skrive om her.

Tromsø havn

Vi har to økonomisaker frå Tromsø havn. Finansrapport og økonomirapport. Det er mykje å skrive og meine om Tromsø Havn, men desse to sakene viser at havna gjer det betre enn budsjettert. Det går an å vere litt bekymra for likviditeten, men eg trur dette vil gå bra.

Tilstandsrapport for skolen

Kvart år skal kommunestyret handsame ein tilstandsrapport for skolen. Denne rapporten gjev eit bilde av korleis skolane og elevane våre har det. Rapporten viser at vi i Tromsø ligg omtrent på snittet for samanliknbare kommunar når det gjeld pengebruken. Vi ligg imidlertid ganske høgt på spesialundervisninga her i Tromsø. Det er to måtar å sjå dette på, det eine er at vi er flinke til å gje støtte til dei elevane som treng det. Det andre aspektet er at vi ikkje klarer og gje god nok undervisning i den vanlege skolen og at det gjev oss økonomiske utfordringar og er kanskje eit signal om at det er for få lærarar i skolen.

Det er tre skolar med ei gruppestørrelse på meir enn 20 i småskolen. Det er Borgtun, Krokelvdalen og Sandnessund. Fleire andre skolar ligg rett oppunder 20. Det er likevel slik at vi skal vere forsiktige med å bruke snitttal. Dei kan skjule store ulikheiter. Eg meiner uansett at det er for mykje med ei gruppe på over 20 elevar i småskolen. Det tyder at fleire lærarar vil vere viktig for kvaliteten i Tromsøskolen. Satsinga vår på fleire lærarar ser forøvrig ut til å gje resultat. I fjor haust vart 12 lærarar øyremerka til småtrinnet. Det ser vi resultat av. I 2014 var gruppestorleiken større på 1-4 trinn enn 5-6 trinn. Det er no endra.

Forøvrig er resultata målt i testar og med karakterar omtrent på landssnittet.

 

OK, det var det eg rakk i denne omgangen. Still meg gjerne spørsmål om du lurer på noko om sakene eg har skrive om eller andre saker på sakslista.

Forresten, eg må berre nemne ein ting til. Vi skal velge meddommarar i tingretten. Det er ei liste med gode folk som skal bidra til eit rettferdig rettssytem. Det er ei kjempeviktig oppgåve. Men det er kanskje eit problem at dei yngste vil finne få meddommarar på sin alder. Dei fleste er frå 40 år og oppover. Vi skal jo dømmast av våre likemenn, så til neste gong bør vi kanskje finne fleire yngre folk.

 

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.