Politikk

No kan du sende meg epost utan at CIA kan lese den

Ikkje det at eg trur at CIA, e-tenesta, KGB eller andre skulle vere det minste interessert i å lese verken mine eller dine epostar, men det er ein grunn til at vi la brev i konvoluttar i gamle dagar. Det er ikkje alt du vil at kven som helst skal kunne lese, sjølv om det du skriv er verken statsløyndomar eller kriminelle planar.

Eg har altså endeleg, etter å ha tenkt på det i mange år, installert og har moglegheit til å ta i bruk kryptering på epostane mine. Den beste krypteringa som er tilgjengeleg for oss vanlege folk er GnuPG som er open source versjonen av pretty good privacy. I korte trekk går denne krypteringa ut på at du skaffar deg to nøklar, ein offentleg og ein privat. Den offentlege nøkkelen brukar dei som vil skrive til deg for å kryptere ein epost eller ei fil. Den fila kan berre låsast opp dersom ein har den tilhøyrande private nøkkelen.

Eg skal ikkje garantere at ikkje NSA eller KGB eller andre kan vere i stand til å bryte denne krypteringa, men det finst så vidt eg veit ikkje eit einaste eksempel på dette. Dei som har greie på det meiner og at matematikken er slik at det skal vere tilnærma umogleg å bryte denne koden. Men, koden er ikkje sikrare enn din private nøkkel. Så om nøkkelen din er lett tilgjengeleg på din maskin og maskina blir borte så kan sjølvsagt andre lese din epost eller dine filer. Uansett, for dei fleste av oss er det meir enn godt nok at ikkje kven som helst kan lese epostane våre.

Grunnen til at eg har tatt dette i bruk no er at det no finst enkle løysningar også for oss som bruker nettbaserte epostprogram som gmail eller hotmail. Det har vore tungvint før. Eg bruker eit tillegg til Chrome, Opera (og Firefox, trureg) som heiter Mailvelope. Etter det eg har klart å googla meg fram til er dette ein sikker måte å gjere det på. Sei gjerne frå om du har anna informasjon.

Mailvelope installerer du enkelt frå appbutikken til Chrome. Tillegget tar deg gjennom heile prosessen med å lage nøklar etc.

Slik som dette ser det ut når du får ein kryptert epost:

fattepost_mailvelope

Deretter må du trykke på låssymbolet og skrive inn koden din for å få tolka eposten.

Så dersom du vil sende meg ein kryptert epost så er dette min offentlege nøkkel: pal_julius_skogholt_public_key

Eg tenkjer at det vil vere ein fordel for oss alle om vi blir litt flinkare til å legge epostane våre i konvoluttar.

 

 

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.