Politikk,Troms og Tromsø

Strøtankar om Listhaug og Nord-Noreg

No sit eg her og pustar ut etter eit langt kommunestyremøte. Eit møte der vi har løyvd pengar til bad, gymsal og skolar, medan tankane kretsar om kranglar, både store og små.

Eg tenkjer på at vi ikkje lenger har ein diskusjon om innvandring, integrering, asyl eller situasjonen for flyktningar i Noreg. Derimot har vi ein diskusjon om Listhaug og Joner, men mest om Listhaug. Det trur eg ingen andre enn Sylvi Listhaug og kanskje Frp tener på.

For så lenge diskusjonen handlar om Listhaug, så handlar ikkje diskusjonen om at ein familie Noreg har sendt tilbake til Afghanistan skada der i ei terrorbombe, eller at små barn blir sendt ut at landet, eller skjebnen til dei syriske flyktningane som no går ein utrygg vinter i møte i flyktningeleirar over heile Midt-Austen. Dersom vi som ønsker ein meir liberal asylpolitikk, vi som ønsker å ta eit ansvar for flyktningekatastrofen diskuterer Listhaug i staden for skjebnen til dei menneske dette gjeld så taper vi debatten. Eit hylekor mot Listhaug blir for meg uproduktivt. Vi må snakke om dei det gjeld.

Noko heilt anna er den underlege diskusjonen om ein nordnorsk region, eller mangelen på diskusjon og krangelen om grensar. Dette synst eg er ein grenselaust uproduktiv krangel. Eg trur ikkje livet til eit einaste menneske blir forandre til det betre anten grensa går i Tysfjorden eller ved Andfjorden. Eg trur ikkje livet til andre enn tilsette i fylkeskommunen blir endra i særleg grad anten vi har ein, to eller tre fylke i Nord-Noreg. Men, eg trur den krangelen vi har no gjer at Nord-Noreg får mindre gjennomslag i nasjonal politikk.

Det nye Nord-Norgeg? Kartet er basert på eit frå Wikipedia

Det nye Nord-Norgeg? Kartet er basert på eit frå Wikipedia

Eg har lenge sagt at eg har mest tru på ein nordnorsk region, kanskje mest fordi eg langt bak har ein romantisk men håplaus ide om eit sjølvstendig Nord-Noreg, eller folkerepublikken Sapmi og Hålogaland! Men, eg har ikkje den minste tru på at dei “nye” regionane kjem til å få overført nye og viktige oppgåver frå sentralmakta – uansett kor store dei blir. La no fylka pusle med sitt og dersom vi absolutt skal gjere grenseendringar så foreslår eg at Troms blir delt mellom Nordland og Finnmark med Tromsø som ein fristad i midten. Det kunne no blitt litt artig om ikkje anna.

Tenk om vi kunne brukt all energien som er kasta bort på regiondiskusjon på å diskutert og jobba med eit nordnorsk jernbanekrav, på ein betre fiskeripolitikk, på å skaffe kapital til å utvikle landsdelen.

Malapropos alt dette så er det ein liten situasjon frå kommunestyremøtet i dag eg vil trekke fram. Etter initiativ frå meg i SV, Vanja Terentieff frå Høgre og Olga Goldfain frå Ap hadde vi ei sak om innovatve innkjøp i Tromsø kommune til diskusjon i dag. Innovative inkjøp er ein måte å utfordre både kommunen og næringsliv  til å tenke nytt på korleis vi skal gjere ting på ein smartare måte. Men Høgre sin gruppeleiar skremte meg i debatten. Han klarte altså å få seg til å seie at det ikkje foregår innovasjon i det offentlege, og at all innovasjon foregår i det private (sic!). Det er ganske så vanvittig med tanke at det foregår innovasjon i offentleg verksemd kvar dag, at det offentlege betaler for det meste av grunnforskinga osb. Det vitnar om ein mistillit til det arbeidet som blir gjort i norske kommunar kvar einaste dag av dyktige medarbeidarar.

Jaja, det får vere mange nok strøtankar i dag.

Standard

Tankar om “Strøtankar om Listhaug og Nord-Noreg

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.