Prøv å sjå for deg ein sykkeltunnel på pålar langs Stakkevollvegen. Du flyt avgarde på sykkelen din medan du nyt utsikta til Tinden og ser ned på bilane under deg. Det er tørt, det er ingen motvind, medan skletta og Balsfjordvinden gjer det utriveleg på utsida av veggane av polycarbonat.
Det er heilt sikkert mange gode argument mot dette forslaget, kanskje er det berre ein draum. Men vi treng draumar, og samtidig vil kanskje denne draumen vere med på å løyse nokre av dei plassproblema vi har med å utvide Stakkevollvegen.
Tromsø har eit ønske om å gjere Stakkevollvegn om til ein firefeltsveg med kollektivfelt, sykkelbane og fortau. Det tar mykje plass, plass vi ikkje har langs Stakkevollvegen. Kanskje kan ein del av løysninga vere å trekke sykkelbanen opp i lufta?
Bildet er henta frå ein artikkel i Stavanger Aftenblad om ein slik sykkeltunnel. Eg kan ikkje svare på om det vil vere lønsamt å bygge ein slik tunnel langs Stakekvollvegen. Det kjem sjølvsagt an på kostnaden, og på kva vi eventuelt sparer på å bruke mindre veggrunn. Den må vi jo kjøpe. Det ville jo og måtte vere mogleg å køyre av og på ein slik tunnel undervegs.
I Oslo har dei og hatt ein diskusjon om ein slik sykkeltunnel, også i Bodø har dei vore inne på noko liknande. Tromsø er jo ein by med mykje vêr. Det hender at det er litt vind, litt regn og litt snø, gjerne samtidig. Då hadde det vel vore greitt å kunne sykle under tak?
Eystein Husebye har laga ein plan for ein slik sykkeltunnel i Oslo. Han anslår kostnaden til ca 30 000,- kroner per meter. Men det inkluderer sykkelparkeringsstasjonar og treplanting langs tunnelen.
Eg er sjølvsagt ikkje sikker på om dette er lurt, men eg synst det er ein spennande ide. Kva trur dokker?
Dersom prisene ikke er helt avsindige er dette noe som absolutt må vurderes, både langs Stakkevollveien og på andre trafikkerte strekninger i byen. Kan vi f.eks. henge en slik sykkeltunnel under/på siden av Tromsøbrua?
Et annet alternativ som bør vurderes ifht. sykkeltrafikk nordover fra sentrum er om det er mulig å lage en sykkelvei fra sentrum til den nye gangbroa over Tverrforbindelsen (mellom Handelshøgskolen og Planetariet),på eksisterende veier (f.eks. Erik Vangbergs vei, Aldor Ingebrigtsens vei og Skagesundvegen). En slik vei vil ligge mellom Stakkevollveien og Dramsveien og med god tilrettelegging ta unna sykkeltrafikken fra begge disse (å lede syklister bort fra Dramsveien vil kunne avhjelpe trafikksituasjonen her godt).
Til det siste, så har eg tenkt litt på korleis vi kunen gjere det. Men med mindre du skal rive hus så er det vanskeleg å få til utan at det blir mykje opp og ned.
Hva med baneløsning hengt opp på samme måten? Jeg har sett det en gang i Vancover for mange år siden. Jeg aner ikke noe om kostnader eller realisme i dette, men tenker som Pål at plassen mange steder gjør at vi må begynne å bruke trafikkarealene i flere nivåer.
Den nye brua over Sandnessundet bør få en klimaskjermet sykkelbane hengt opp under seg. Det vil også bety mindre stigning, som er viktig for fotgjengere og syklister.
Ei baneløysning over bakkenivå er spennande og noko eg har tenkt ein del på, men eg trur vi skal få orden på bussane før vi går vidare. Den nye brua til Kvaløya må definitivt få ei god og helst klimaskjerma ordning for gåande og syklande. Berre litt bekymra for kva det vil bety for vindfanget på brua.