Kollektivtrafikk, Kommunepolitikk, Politikk

Stakkevollvegen er ei lita nøtt

Eg har eit problem med å finne ei verkeleg god løysning for Stakkevollvegen. Eg er ikkje heilt fornøyd med den løysninga vi har i dag. Samstundes er det ingen tvil om at det er for smalt for å få til ei optimal løysning for alle.

Saka om Stakkevollvegen skal opp i kommunestyret til onsdag, og kommunestyret skal ta stilling til profil for vegen. Reguleringsplanen føreset ein veg med ei breidde på 19,5 meter. Innafor det må vi løyse plass til bilar, bussar, gåande og syklande.Vei veit og at vegen ikkje blir 19,5 meter over alt. Det blir innsnevringar undervegs på grunn av eksisterande bygninagr og anna. Den vegbiten vi snakkar om er frå Hansjordnesbukta til Tverrforbindelsen/Erling Kjeldsens veg.

Utsnitt frå Google Maps som viser Stakkevollvegen

Eit ganske enkelt reknestykkje viser at vi ikkje får plass til alt:

 

Kva Breidde Tal Sum breidde
Køyrefelt 3 meter 2 6
Kollektivfelt 3,5 meter 2 7
Fortau 2 – 3 meter 2 4 – 6
Sykkelfelt 3 – 4  meter 1 3 – 4
Sum 20-23 meter

 

Eit standard fortau er tre meter breitt. Vi treng nok ikkje den breidda i alle fall på begge sidane av vegen. Sykkelfeltet burde vere fire meter. Det skal vere sykkeltrafikk i begge retningane, og vi må rekne med at det vil kunne vere syklistar med ganske så ulik fart. Det tyder på forbikøyringar, noko som gjer at tre meter eigentleg er for lite.

Eg tenkjer at det aller viktigaste er å skape gode forhold for bussen på Stakkevollvegen. Det er bussen som må ta unna mesteparten av trafikken om vi skal klare nullvekstmålet for biltrafikk. Samstundes må vi klare å lage levelege forhold for dei som skal gå og sykle langs vegen.

Vi har etter det eg kan sjå fem moglege alternativ.

Alternativ ein.

Vi bygger ein bil og bussveg. Det betyr at vi må smalne mykje inn på fortau og sykkelfelt. Dersom sykkelfeltet skal vere tre meter, blir fortaua på 1,5 meter på eine sida og ein meter på andre sida.

Alternativ to

Vi fjernar sykkelfeltet heilt og seier at syklistane skal kose seg saman med bussane i kollektivfeltet eller saman med dei som går på fortauet. I dette alternativet kan fortaua bli tre meter på begge sidane.

Alternativ tre:

Vi legg opp til at vegen skal ha tre køyrefelt. Det skal vere kollektivfelt i begge retningane. Det betyr at vegen må bli einvegskøyrd for all anna trafikk.

Alternativ fire:

Vi legg opp til at vegen skal ha tre køyrefelt. Det blir kollektivfelt i eine retninga og to køyrefelt for all anna trafikk. Bussen vil potensielt bli sittande fast saman med all anna trafikk i den eine retninga. Det blir gode forhold for dei som går og syklar.

Alternativ fem:

Vi legg opp til at vegen skal ha tre køyrefelt. Det blir kollektivfelt i eine retninga. Og to felt for blanda trafikk, men i rushtida blir eit av desse felta tillatt kun for buss. Det betyr at ca frå sju til ni og 1500 til 1700 blir det to kollektivfelt og vegen blir einvegskøyrd for andre i den perioden. Det blir gode forhold for dei som går og syklar.

Per no tenkjer eg at alternativ fire eller fem er mest aktuelt. Eg trur det blir vanskeleg med fast einvegskøyring langs Stakkevollvegen. Det ligg mange butikkar langs vegen med volumvarer som dei fleste av oss vil trenge bil for å handle hos. Men eg tenkjer at vi må starte prosessen som gjer at vi klarer å få til fire felt langs vegen. Det kan vi potensielt gjere på to måtar. Vi kan flytte syklistane opp til Gulengvegen – Langsundvegen – Ishavsvegen. Det er ikkje gjort i ei handvending. Desse vegan må knyttast saman. Det betyr ekspropriasjon og vil bli svært vanskeleg, dyrt og skape mykje konflikt.

Sjå denne videoen eg laga i dag som viser nokre av utfordringane med ei slik løysning:

Det andre alternativet er å flytte syklistane opp over vegen. Som er det alternativet eg har mest tru på. Eg har skrive om sykkeltunell over Stakkevollvegen før. Det er heller ikkje ei heilt enkel løysning, men det vil definitivt frigjere plass på vegen. Det treng heller ikkje vere ein tunell, det kan og vere ein sykkelveg utan tak på pålar over vegen. Det vil gje plass til fire felt.

Uansett, der det blir innsnevring på vegen langs traseen kan det ikkje vere kollektivfelta som blir kutta. Bussane må ha forkøyrsrett framfor bilane i eventuelle innsnevringar.

Så fram til vi skal ha gruppemøte i SV på måndag, vil eg gjerne ha dine innspel. Er det andre alternativ enn dei eg har skissert? Eventuelt, kva alternativ synst du er best?

 

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard

4 thoughts on “Stakkevollvegen er ei lita nøtt

    • Eg veit ikkje om det er vurdert, men umiddelbart høyrest det svært dyrt ut. Ein ting er byggekostnaden, noko anna er at du fort kjem så djupt at du får inntrenging av vatn frå havet – i alle fall på springflo. Det vil gje svært høge driftsutgiftar.

  1. Hallgeir Løland Torpe says:

    Frå studiertida hugsar eg Stakkevollvegen som ganske så utriveleg å sykle. Tromsø har allereie eit bra tunnellsystem, og dette kan ein forbetre. Med eit tunnelløp til frå sentrum til Breivika/Tverrforbindelsen vil ein redusere gjennomgangstrafikken langs Stakkevollvegen vesentleg.

  2. Steinar Utby says:

    Alternativ 3 er den klart mest fremtidsrettede løsningen. Dette skal være ei bygate med et godt bymiljø, grønne innslag og der kollektiv, sykkel og gange skal ha prioritet. Bilen skal ha laveste prioritet, men vil fortsatt kunne kjøre helt greit. Fast enveisregulert biltrafikk og gode toveis kollektiv- og sykkelløsninger (også for varesykkel) innfrir NTPs krav og vil gjøre Stakkevollveien til et attraktivt bo- og handelsområde. Andre løsninger blir kvasiløsninger og frarådes.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.