Kollektivtrafikk, Kommunepolitikk

Stakkevollvegen – no med video!

Korleis skal Stakkevollvegen sjå ut i framtida. I denne videoen prøver eg å forklare korfor eg meiner det er feil med fire felt, og at tre felt vil bli betre. Dersom du heller vil lese enn sjå og høyre ligg teksten under her.

Nokre vil ha fire felt andre vil ha tre felt, men det underlege er at vi alle eigentleg vil det same. Vi vil skape gode tilhøve for bussane langs vegen.

Nokre hevdar at for å få det til så må vi bygge ein firefeltsveg. Dei vil ha to køyrefelt og to kollektivfelt.  Dersom det hadde vore  plass, så hadde det kanskje vore ein god ide. Dessverre er det ikkje plass, langs viktige delar av vegen er det i beste fall plass til 3,5 felt. Då må kollektivfeltet vike.

Det betyr at bussen må vingle seg ut og inn av kollektivfeltet langs Stakkevollvegen og vil heile tida bli stoppa og hindra av bilane. Firefeltsveg høyrest tilforlateleg ut, men det er ikkje det det blir.

Ei firefeltsløysning er dårleg for busseen, aukar kapasiteten for privatbilen samstundes som det blir dårlege forhald for dei som vil sykle. Eit kinderegg av dårlege løysningar altså.

SV vil helst bygge ein trefeltsveg med to gjennomgåande kollektivfelt og einvegskøyring for bilane i det midterste feltet. Vi kan eventuelt opne det eine kollektivfeltet for andre bilar utanom rushtida.

Dette vil sørgje for svært god framkommelegheit for bussane, det vil gje plass for dei som vil sykle og redusere trafikkbelastninga for dei som bur i området. Halvparten av trafikken på Stakkevollvegen er gjennomgangstrafikk. Den trafikken kan køyre tunnellen som går paralelt med Stakkevollvegen.

Då kan vi få ei triveleg bygate, med plass til trafikk til og frå butikkane og utan dagens mengde svevestøv.

SV si løysning er eit positivt kinderegg, minst tre gode ting på ein gong.

Dessverre har Høgre og Venstre stilt eit ultimatum. Blir det ikkje firefeltsveg trekk dei seg frå bompengeforliket i Tromsø. Men, Stakkevollvegen har ingenting med bompengane å gjere. Eg synst dette er underleg. Eg liker ikkje denne typen press. Men, det skal ikkje vere noko tvil om kva vi eigentleg meiner. Så får vi sjå fram mot kommunestyret kva som blir resultatet.

Standard

One thought on “Stakkevollvegen – no med video!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.