Politikk,Troms og Tromsø

Autonome containerskip i Tromsø

Vi har mykje dårlege vegar i Troms og i Tromsø. Særleg fylkesvegane i distrikta er ofte dårlege, bratte og utsett for skred. Dette medfører fare for dei som ferdast der, og dårleg framkommelegheit for næringstrafikk som skal inn og ute med fisk, fôr og landbruksprodukt. Samstundes ligg havet der som ein mogleg veg som vi bruker alt for lite.

Designteikning av Yara Birkeland sitt skip.

Designteikning av Yara Birkeland sitt skip. Kanskje kunne ein mindre utgåve vore noko for Tromsø-området?

Det er sjølvsagt fleire grunnar til at vi ikkje brukar båtar for å frakte gods inn og ut til bygdene våre. Det er vel to hovudgrunnar til dette. Det første er at det tar for lang tid både med omlasting og sjølve frakta, det andre er kostnaden er for stor. Dersom vi kunne klart å løyst desse to utfordringane så kanskje vi og kunne gjeve betre tilhøve for næringsutvikling i distrikta. Det som er heilt sikkert er at med den økonomien fylkeskommunen har, kjem ikkje vegane våre til å bli rassikre og gode i den aller nærmaste framtida.

Eit lite containerskip

Så her er ein tanke eller ein ide som kanskje kan vere med på å løyse noko av dette. Eit lite containerskip med plass til fem til 20 containarar med autonom elektrisk drift som feeda inn til ein eigna plass for omlasting til bil (eller tog ein gong i framtida). Med alt pakka i (kjøle)containarar burde omlastinga gå svært fort.

Elektrisk drift vil gje miljøgevinst, autonom drift ville spare stort på mannskap og dermed kostnaden.

Yara er i ferd med å bygge eit autonomt elektrisk containerskip med plass til 100 til 150  containarar som skal trafikkere dei 30 nautiske mila frå Herøya til Larvik. I første omgang skal skipet fjernstyrast, men ein reknar med full autonom drift i 2020. Ein kunne for eksempel forestille seg at eit slikt skip kunne gå mellom Tromvik og Tromsø. Det er ei strekning på ca 26 nautiske mil. Vannvågen til Tromsø er ca 36 nautiske mil.

Motargument

Det er sjølvsagt argument mot ei slik ordning. Eit argument kan vere at det likevel ikkje blir raskt nok eller billig nok. Eit anna argument er at det kan komme til å fjerne litt av presset for å få gjort noko med fylkesvegane.

Eg trur likevel det kan vere verd å utforske om eit slikt prosjekt er mogleg å få til. Kanskje kunne det blitt eit spennande samarbeidsprosjekt mellom Universitetet, kommunen og fylkeskommunen.

Så fortell meg er eg heilt på jordet, eller er dette noko det er verd å utforske?

Her er ein reklamefilm for Yara sitt prosjekt

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.