Kven er redd for robotane?

På veg inn i verste kråa

Er du redd for at robotane skal ta over? Vi leser stadig i media om at robotane skal ta arbeidsplassane våre, robotane blir våpen og skal komme og ta livet av oss. Ja, vi går vel alle rundt og ventar på sjølvkøyrande bilar sånn at vi kan drikke pilsen vår å likevel kunne komme oss trygt og lovleg heim.

Vel eg kan no avsløre at det er ingenting å vere redd for, eller glede seg til. Det kan eg slå fast etter lange observasjonar av den roboten eg har heime og som vistnok skal kunne støvsuge huset mitt. Der er det ikkje mykje kunstig intelligens, ja det er vel eigentleg ikkje intelligens av noko slag.

Korleis kan eg vere så skråsikker lurer du kanskje på? Vitskapleg observasjon, min venn. Denne roboten har ei forkjærlegheit for eit hjørne av stua. Kvar einaste gong eg slepp maskinen fri så sett han kursen rett inn i denne kråa. Det er tilfeldigvis den einaste staden i stua der det ligg ei ledning som roboten kan tulle seg inn i. Dit skal han, kvar gong. Litt som ein hund som oppsøker den einaste skiten i nærleiken for å rulle seg i den. Der køyrer han rundt og rundt i denne vesle kråa heilt til han sit fast.

Eg har prøvd alt. Eg har løfta han forsiktig til eit anna hjørne for å hjelpe han på vegen, men der vil han ikkje vere. Eg stryk han forsiktig over batteriluka og snakkar fint til han, men ledninga skal han til.

Men så, plutseleg får han tulltak og ruser ut midt på golvet. Eg blir jo litt lukkleg, men lukka varar ikkje lenge. For han støvsuger ikkje golvet, nei han køyrer rundt i sine eigne spor og lemnar store delar av golvet upløygd. Litt som ei løve i bur i ein gamal zoologisk hage. Så ganske snart stoppar han. Midt på flataste parketten. Eg går bort og spør forsiktig kva som er galt. Har eg sagt eller gjort noko feil. Kanskje gløymt ein bursdag, oversett at det er eit år sidan han flytta inn hos meg? ERROR CODE E10 er einaste kommentaren han har. Skjønner eg det ikkje, skal i alle fall ikkje han fortelje meg noko.

Eg googlar og slår opp i bruksanvisninga og finn ut at ERROR CODE E10 betyr at roboten står fast i ledningar og slog til knes. Men der står han på slettaste parketten berre omgitt av hybelkaninar som han slettes ikkje vil suge opp i behaldaren sin.

Så, no kan eg slå fast. Robotane kjem ikkje til å ta over, dei kjem ikkje til å ta jobben din – dei kjem i alle fall ikkje til å gjere jobben din. Så vi kan sove godt framover.

 

 

4 Replies to “Kven er redd for robotane?”

  1. Genialt skrevet på en humoristisk måte. Dette likte jeg særdeles godt 😉

  2. Liv Marie sa:

    LOLlollol!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version