Eg trur ikkje det finst ei levande sjel eller politikar som verkeleg ønsker å innføre bompengar i Tromsø. Men her er realiteten: Tromsø veks med omtrent 1000 personar kvart år. Desse tusen skal bevege seg rundt i byen vår. Dei skal på jobb og studiar. På fritidsaktivitetar og i barnehage. Dei skal bruke trafikksystemet vårt for å få kvardagen til å gå opp. I dag er det slik at alternativet for mange er bil. Det som er heilt sikkert er at vegsystemet vårt ikkje vil tåle denne veksten utan ei kraftig og dyr oppgradering, ei oppgradering som innebærer at fleire får eit reelt alternativ til bilen gjennom buss, gange og sykkel.
Eg skulle sjølvsagt ønska meg at denne oppgraderinga vart betalt av staten. Eg skulle ønska meg at staten betalte for hyppigare bussavgangar med større kapasitet, at staten betalte for trygge skolevegar og gode fortau, at staten betalte for vegar der næringstrafikk og dei som må bruke bilen kom raskt og trygt fram. Å ønske hjelper dessverre ikkje, å kaste myntar i ein ønskebrønn hjelper dessverre ikkje.
I Noreg er finansieringssystemet slik at staten betaler ein god del av kostnadane dersom byane stiller med eigne pengar. Den oppgraderinga av trafikksystemet som Tromsø treng om vi ikkje skal kvelast i eksos og køar vil koste minst åtte milliardar kroner. Staten har sagt at dei kan stille med mellom 40 og 50 prosent om vi finner dei resterande 50-60 prosentane lokalt. Eg veit ikkje om noko anna finansiering enn bompengar som gjer at vi kan klare dette løftet. Eit løft som er heilt naudsynt om byen vår skal vere attraktiv i framtida.
Vi kan sjølvsagt som Frp og Bjørn Gunnar Jørgensen nekte å sjå denne realiteten, vi kan nekte å ta framtida på alvor, tru at om vi lukker auga vil køane, svevestøvet og klimaendringane forsvinne av seg sjølv. Men, realiteten er, at når du opnar auga igjen vil situasjonen blitt verre enn han er i dag. Vi må ta tak i problema no, vi må løyse dei no, og vi må bruke dei verktøya vi har tilgjengelege no. Vi treng ikkje like det, men bompengar er det verktøyet vi har.
Så er det openbart at det vil koste. Og, for nokre av oss vil den kostnaden bli tung å bære. Eg trur likevel kostnaden blir enno større når arbeidsplassane forsvinn fordi verken arbeidstakarar eller produkt kjem seg fram. Tromsø har ei god utvikling, med vekst i både private og offentlege arbeidsplassar. Dersom denne veksten og denne utviklinga skal halde fram er vi avhengig av eit effektivt transportsystem. då er vi avhengige av ein byvekstavtale. Dessutan, dei som har minst pengar blant oss i dag har heller ikkje råd til bil. Dei er prisgitt andre framkomstmiddel. Det å gjere bussen betre, det å gjere det enklare å gå og sykle er og med på å gjere forskjellane mellom folk mindre.
Vi kunne gjort som Frp, vi kunne lata som problema forsvinn av seg sjølv. Men då stoppar og utviklinga av Tromsø opp.
Godt innlegg. Og nesten feilfritt:)