Ei framtid for oppdrett i Tromsø?

Oppdrettsnæringa må gjere grunnleggande endringar om den skal ha ei framtid.
Bildet: Oppdrettsanlegg i Villa-gruppen, her i Nesseby kommune.
Foto: Marius Fiskum / www.fototopia.no

Det har blitt litt debatt om oppdrettsnæringa etter at kommunestyret i Tromsø gjorde sitt vedtak om å kun tillate oppdrett i lukka anlegg. Det er bra. Oppdrett er ei stor og viktig næring i Noreg og vi treng ein god debatt om korleis denne næringa kan halde fram med å vere viktig for Tromsø og Noreg framover, men på ein måte som er berekraftig og som gjev industriell utvikling.

La meg slå fast at vi sjølvsagt var klare over at det vedtaket vi gjorde ikkje ville få noko direkte verknad. Men, det må få følgjer for kystsoneplanen til Tromsø.

Kva skal så til for at oppdrettsnæringa skal ha ei framtid, ikkje berre i Tromsø, men langs heile kysten vår. Vi og næringa må løyse fire hovudproblem. 1. Vi må sørge for at næringa ikkje har utslepp av slam og andre stoff. 2. Vi må sørgje for å løyse lusproblema utan å bruke kjemikaliar. 3. Vi må sørgje for fôr som ikkje bidreg til avskoging i Amazonas eller kunne vore brukt direkte som menneskemat. 4. Vi må sørgje for anlegg som reduserer/fjernar rømming og genetisk forureining av villaksstammen.

Dette må vi gjere samstundes som dyrevelferden blir betre i næringa.

Konsekvensar for fjordane og ny teknologi

Eg trur dette lar seg løyse samstundes som vi kan få ei kraftig industriell utvikling i Noreg. Dersom dette ikkje blir løyst meiner eg det er klart at oppdrettsnæringa ikkje kan vekse meir, snarare må vi redusere omfanget. Dersom vi skal få til ei løysning er eg heller ikkje i tvil om at vi må stille strengare krav til næringa. Dei krava må komme frå kommunar, fylka og frå staten, men og frå oss som forbrukarar.

I vedtaket frå kommunestyret i Tromsø er det eit krav om lukka anlegg. Men poenget er ikkje lukking, poenget er å løyse problema. Per i dag ser lukka anlegg ut til å vere den beste løysninga, men dersom andre teknologiar løyser problema så er det sjølvsagt heilt fint.

Ein større industri

Men vi må kunne samle opp slammet etter for og avføring frå fisken. Det er i alle fall tre grunnar til det. 1. Det er eit forureiningsproblem, 2. Det inneheld store mengdar fosfor som er ein begrensa ressurs som vi må gjenvinne, og 3. det kan bli ein viktig råvare i anna produksjon. Det samsvarer med Norsk Industri sitt vegkart for norsk havbruksnæring der dei skriv: «Innen 2030 må oppdrett av laks skje med en teknologi som eliminerer problemene med lakselus, hindrer rømming og tar vare pa verdien av partikulart materiale.»

NBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har rekna ut at vi har eit teoretisk potensiale for å produsere ein terrawatttime energi gjennom biogass frå slammet, altså omtrent ein tredjedel av norsk vindkraft. Dersom veksten i næringa skal fortsette aukar sjølvsagt potensialet. Etter biogassproduksjonen kan slammet brukast som gjødsel anten i landbruket, eller i produksjon av algar eller insekt som fôr til fisken. Det kan vere mange andre bruksområde som vi ikkje kjenner til i dag. Gjennom å tenke sirkulær økonomi i oppdrettsnæringa på denne måten kan vi skape større verdiar enn i dag, og samstundes bli meir bærekraftige og miljøvenlege.

Eg liker å samanlikne med norsk prosessindustri. Dei har klart ei liknande omstilling. Gjennom at det vart stilt miljøkrav har vi fått ein av verdas mest miljøvenlege industriar. Mykje av det som var avfall og forureining før er blitt ressursar i anna industri no.

Trur på oppdrettsnæringa, men dei treng press

Eg har kjempetru på dei som driv i oppdrettsnæringa vil klare det same. Eg har tru på innovasjonskrafta deira, og eg veit at dette ikkje er nye tankar, men ting som næringa jobbar med.

Men eg trur og at næringa går så økonomisk godt med dagens måte å produsere på, at presset for å endre seg må komme utanfrå. Vedtaket i Tromsø kommune er ein del av det presset, og eg trur næringa vil oppleve at om dei ikkje tar desse grepa no vil presset og problemet berre auke.

Så for å svare på spørsmålet i overskrifta. Ja, eg trur oppdrettsnæringa har ei stor framtid i Tromsø og i Noreg, men det krev at næringa gjer ein del grunnleggande endringar. Det vil kanskje redusere profitten på kort sikt, men vil sørge for at næringa vil overleve og blomstre på lang sikt.

 

6 Replies to “Ei framtid for oppdrett i Tromsø?”

  1. Roy Dalmo, forsker innen fiskehelse og vaksineutvikling ved UiT, Norges fiskerihøgskole sa:

    Saksopplysning. Forbruket av hydrogenperoksid er betydelig lavere nå enn bare ett år siden. Næringen selv har lyst å kutte ut bruken pga uheldige bivirkninger. Istedenfor har man tatt i bruk mekanisk avlusning, med de uheldige veldferdsmessige konsekvenser det har på velferd og hudirritasjoner hos fisk. Mekanisk avlusning består av spyling med ferskvann, termisk avlusning, laserassistert avlusning. Vi har selvfølgelig renesfisk som lusespisere. Fiskehelse hos rensefisk er dessverre ikke prioritert høyt nok. Passiv avlusning er såkalt luseskjørt. Det fins dessverre ikke vaksiner mot lusinfeksjon. Forspill er relativt lite da det benyttes kontinuerlig overvåkning via kamera, og snart bruk av kunstig intelligens. Det er selvfølgelig avføring fra fisk, det kommer man ikke unna. Forproblematikken tas også seriøst av produsentene, mht bærekraft. Tror kanskje dere samt mdg og AP kan invitere deg selv på omvisning på et av kommunens anlegg, dere vil bli tatt godt i mot. Og, landbasert anlegg krever store arealer, størrelse som flere fotballbaner, mye elektrisk energi og vann. Prisen på ferdig produkt vil nok bli adskillig høyere, kanskje fordobling i forhold til dagens pris. Dere kan komme på frisk fisk konferansen i tromsø i februar neste år. Gi meg et vink så får du mer informasjon. Lykke til.

    1. Hei Roy, ja eg er samd i mykje av det du skriv. Men, eg har aldri gått inn for landbaserte anlegg. Dei vil kreve mykje energi, areal og betong. Lukka eller semilukka anlegg i sjø trur eg er framtida. Det er òg rett av for spill er blitt eit ganske lite problem. Det er skiten vi må samle opp. Ingenting er betre enn at kjemikalie Rykene blir redusert, og næringa klarte det veldig bra med antibiotika som er nesten heilt borte no, men som du skriv så er mekanisk og termisk avlusing eit dyrevelferd problem. Igjen, løysninga er lukka eller semi-lukka anlegg som hindrar lusepåslag.

  2. Arne Roger Hansen sa:

    Forspill ligger fremdeles på 7 % .så vidt jeg vet. Det vil si at på et gjennomsnittlig anlegg på 3210 MTB er det et fòrspill på 435 kg pr. dag !!! ved et Fòrforbruk på 200 tonn pr. uke.. Dette er 2016 tall fra Skretting.. Altså så havner det utrolige mengder Fòr i sjøen hver eneste dag..Så et ganske lite problem ??

    1. Samanlikna med kva det var 🙂

  3. Matthias Holderer sa:

    Veldig god skrevet Julius! Gratulerer til vedtaket dere har gjort angående oppdretten i Tromsö!!!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.