Sjukepleiarar i streik

I går var eg glad for å få halde apell på streikemarkeringa til sjukepleiarane i Tromsø. Dei kjemper ein viktig kamp for lik løn for likt arbeid. Du kan lese meir om streikegrunnlaget her. Her kan du lese Nordlys sin reportasje frå markeringa i går. Les og gjerne Lill Sverresdatter Larsen sitt gode blogginnlegg om situasjonen. Larsen er nestleiar i Norsk Sykepleierforbund i Troms.

Foto: Rune Larsen
Dei seks sjukepleiarane som streikar her i Tromsø.

 

 

Dette er omtrent det eg sa i går:

Kjære sjukepleiarar

Hadde dokker fått løn som fortent måtte vi i alle fall dobla lønna, men verda er ikkje rettferdig. Og, i ei urettferdig verd er det kjempeviktig at vi har sterke fagforeingar som kjemper for det som er rett og det som er viktig. Lik løn for likt arbeid, uavhengig om du har NHO eller KS som motpart er eit sjølvsagt krav som har SVs fulle støtte.

På sett og vis kunne eg vore glad for at NHO ikkje vil betale det same som kommunane gjer. I Tromsø å manglar vi nesten 300 sjukepleiarar og vernepleiarar. Kanskje blir rekrutteringa lettare om løna i privat sektor er dårleg? Men det fungerer jo ikkje heilt slik. Realiteten er at den eine fort kan presse det andre ned.

Vi har ei regjering som ønsker å konkurranseutsette og privatisere heilt sentrale velferdstenester. Vi har ei høgreside i Tromsø som ønsker det same. Det skal visstnok bli billigare. Og vi veit at stort sett den einaste måten det kan bli billigare på er gjennom at løn og pensjon blir dårlegare. Derfor er det for SV heilt sentralt at ikkje dårleg løn gjer at meir blir privatisert og konkurranseutsett. Vi vil at dei sentrale velferdstenestene skal utførast av det offentlege – eventuelt i samarbeid med ideelle aktørar

For vi veit at det ikkje blir billigare å privatisere, å sette ut på anbud, å konkurranseutsette. Det ligg kostnader der, kostnader som må dekkast av kommunale budsjett og av arbeidstakarane som får dårlegare arbeidsforhold.

For dersom arbeidsforholda blir dårlegare, så trur eg at pasientane og får det dårlegare.

Streiken dokker er inne i no er ein rettferdig streik. Ein streik for betre løn for sjukepleiarar med lang ansiennitet, for ei betre sjukeløn. Ein viktig streik. Eg er spesielt imponert over dokker som er i streik her i Tromsø. Kurbadet følgjer allereie Spekter sin tariff så her er det ein solidaritetsstreik. I mitt hjarte finst ikkje større heltar enn dei som tar kampen i solidaritet med andre og ikkje for seg sjølv.

Sjukepleiarforbundet vart i årets oppgjør einige med alle andre arbeidsgivarar, men ikkje NHO. Det er viktig at NHO ikkje blir ein stad for arbeidsgjevarar som tilbyr billigare avtaler enn det som er inngått andre stader, på bekostning av de tilsette og bedrifter som ønsker å tilby sjukepleiarar gode vilkår. Ingen skal vinne anbud på sykepleiarane si bekostning.

Vi treng eit samfunn som er innretta for dei mange ikkje for dei få.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.