10 tips for behagleg vintersykling

Det er overraskande greitt å sykle heile året – sjølv her i Tromsø.

Eg har sykla vinterstid i Tromsø i rundt 20 år, det er godt for kropp og miljø. Eg tenkte eg skulle dele nokre tips for korleis du kan sykle vinterstid på ein så trygg og behageleg måte som mogleg.

  1. Det aller viktigaste er å sette piggdekk på sykkelen. Det er stor skilnad på piggdekk. Valet er ei avveging mellom rullemotstand og feste. Desto fleire piggar, desto betre feste, men og desto høgare rullemotstand. Høg rullemotstand gjer det litt tyngre å sykle. I Tromsø og andre stader med varierande vinterklima så vil eg anbefale at du vel eit dekk med meir enn 200 piggar (på ein hybridsykkel). Bur du ein stad med stabilt kaldt vinterklima kan du kanskje gå ned på talet piggar. Har du terrengsykkel kan du godt gå enno høgare.Det som er heilt sikkerter at du vil bli overraska over kor godt feste du faktisk får med gode piggdekk på sykkelen. Men uansett er det lurt å sykle litt meir defensivt vinterstid enn det du gjer om sommaren. Spesielt i høgfartssituasjonar ned bakkar og liknande.
  2. Det fører til neste punkt. Bremser og gir. Det aller farlegaste som kan skje dersom du syklar om vinteren er at bremsene frys. Dersom du har råd til ein sykkel med hydrauliske bremser så er mi erfaring at det er det aller beste. Det er nokre rapportar om at hydrauliske bremser kan fryse dersom det blir ordentleg kaldt, kaldare enn minus 20 grader. For dei fleste av oss er ikkje det aktuelt å sykle når det er så kaldt. Dersom du har ein gamal sykkel med slitte kablar til gir og bremser så ville eg bytta kablane og kabelslangane. Slangane kan bli slitt. Det er ikkje så farleg så lenge det er varmegrader, men når det blir kuldegrader aukar det faren for at kablane dine frys fast. Det kan bli litt ubehageleg, anten det betyr at du ikkje får bremsa eller gira, eller om du du ikkje får sykla fordi bremsene er låst og stoppar hjulet. Dersom du har felgbremser er det viktige at det ikkje er is eller snø på felgen som gjer at du får dårlegare bremseeffekt.
  3. Kle deg godt, men ikkje så godt som du trur. Når du syklar produserer du ganske mykje varme. Det er likevel nokre punktar du må ta på alvor. Hender, øyre og føtter. Styrevottar kan vere ein god ide. Styrevottar er ein slags muffer som du monterer på styret. Dei beskytter godt mot kulde og vind. Det finst og mange fine sykkelluer/balaklavaer som passar godt under hjelmen. For hjelm må du jo ha. Det er ofte kaldast på nullføre. Fartsvind og våte klede er ein dårleg kombinasjon. Vasstett bukse er eit must på slikt føre. Eg synst påkledinga er det vanskelegaste. Eg foretrekk å sykle i vanlege klede for å sleppe all skiftinga. Det er ikkje alltid mogleg vinterstid.
  4. Vask sykkelen. Vinteren kan vere utfordrande for drivverket på sykkelen. Kjede og gir utsettes for vatn og salt. Det å ha moglegheit til å skylle vekk skit og salt med jamne mellomrom gjev deg ein sykkel som er betre å sykle på. Men la sykkelen tørke før du tar han ut i kuldegrader!
  5. Beskytt setet ditt! Eit vått og frossent sete er direkte ubehageleg. Det aller beste er jo om du kan sette sykkelen inn ein plass der det er litt varme, men viss ikkje er eit setetrekk ein god ide.
  6. Husk på at du bruker litt lengre tid om vinteren enn om sommaren, spesielt om ikkje vegen er heilt nybrøyta.
  7. Husk at også bilane er ute på glatta og bruker lengre tid på å stoppe om vinteren. Ta omsyn, husk at du som syklist er mest utsett i ein kollisjon mellom sykkel og bil. Vidare, ta omsyn til dei som går. I likheit med bilane vil du trenge litt meir tid til å stoppe, og i kollisjon mellom syklist og fotgjengar er det fotgjengaren som taper.
  8. Dersom det ikkje er tilrettlag med sykkelveg der du skal, og du skal sykle i vegen så sørg for å ta plass. Det eg meiner er at du må sykle så langt ut i vegen at bilane må køyre forbi og ikkje kan snitte deg. Men, slepp bilane forbi når det er trygt å gjere det.
  9. Motvind eller fartsvind blanda med snø eller hagl er direkte ubehagleg for auga. Briller av noko slag er fornuftig. Eg har god erfaring med skjermar laga for langrenn. Dei får eg plass til under hjelmen.
  10. Nyt den kalde klåre lufta, i alle fall i dei periodane det ikkje er så mykje vegstøv.

Har du gode tips for å gjere det enklare og meir komfortabelt å sykle binterstid. Eg vil gjerne høyre om dei.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.