Marerittet var likevel ikkje borte

Eg var ein av dei som hadde mareritt om atomkrig på 80-talet. Då muren fall tenkte eg at no var det over. Vi treng ikkje lenger ligge vakne om natta i redsel for ein atomkrig. Det varte ikkje så alt for lenge. No, 30 år seinare, er faren for atomkrig større enn på lenge.

Soppskyen etter Nagasakibomba. Det bør ikkje bli fleire slike bilde. Foto: Office for Emergency Management. Office of War Information. Overseas Operations Branch. New York Office. News and Features Bureau. (12/17/1942 – 09/15/1945)

Russland og USA har sagt opp avtalen som fjerna mellomdistanserakettar med atomvåpen. No kan det igjen bli slik at det berre vil vere nokre få minutt før store og små byar i Europa kan bli treft av atombomber. Med kort varslingstid vil ingen kunne unnsleppe. Igjen kan det vere på tide å bekymre seg. Med ein Trump i det kvite hus som vi ikkje kan vere sikre på kva vil gjere, og med ein Putin i Kreml som er besatt av Russlands storheit er faren større enn på lenge.

Dommedagsuret viser no to minutt på midnatt. I 1991 var det 17 minutt til midnatt. Vi er skremmande nært.

Det er i denne situasjonen at eg saman med Marta Hofsøy frå Ap foreslår i kommunestyret skal slutte seg til ICANs Cities Appeal. ICAN er den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen. Dei har vunne nobelprisen for arbeidet sitt. Dei ber byar over heile verda slutte seg til denne appellen:

Byen vår er djupt bekymra for den alvorlege trusselen som atomvåpen utgjer mot lokalsamfunn verda over. Vi meiner at innbyggarane våre har rett til å leve i ei verd fri for atomvåpen. Ein kvar bruk av atomvåpen, enten bevisst eller på grunn av feil eller uhell, vil ha katastrofale, omfattande og langvarige konsekvensar for menneske, samfunn og miljø. Derfor stør vi FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og oppfordrar den norske regjeringa til å bli del av avtalen.

Tromsø blir ikkje åleine om å slutte seg til denne appellen. Byar som Los Angelsen, Toronto, Sydney og Manchester har saman med mange andre slutta seg til. Vi vil at Tromsøs stemme skal slutte seg til korset som krever ei atomvåpenfri verd no.

One Reply to “Marerittet var likevel ikkje borte”

  1. Liv Marie Austrem sa:

    Veldig bra, Tromsø!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.