Ikkje politikk

Runde tannpirkarar – kva er poenget?

Altså, kva er greia med runde tannpirkarar? Går det folk rundt der ute med sirkelrunde hol mellom tennene?

Runde tannpirkarar burde kun brukast på straffeanstaltar.

Eg kjenner ingen som meiner at runde tannpirkarar er ein god ide. No skal eg sjølvsagt innrømme at dette ikkje er noko eg går rundt og har djupe og alvorlege samtalar med folk om. Det kan vere folk rundt meg som er så rare at dei set pris på runde tannpirkarar. Likevel, eg vel å tru at slike folk ikkje finst.

Men runde tannpirkarar, du. Dei fungerer ikkje godt til å gjere det reint mellom tennene. Dei brekk sund rett bak den skarpe spissen, og før du veit ordet av det sit du der med flis i eit blødande tannkjøt. Er det denne måten vi skal lære ungane våre om god tannhygiene? Svaret er sjølvsagt nei.

Vi har eit godt alternativ i trekantforma tannpirkarar. Dei er behageleg å bruke, dei gjer jobben sin og er vakre å sjå på. I motsetnad til dei runde, som mest liknar på ein hesjestaur i miniatyr.

Tilfeldig, neppe! Det er alarm, på vegne av vanvitig mange, Sture Hansen.

Standard

Ein tanke om “Runde tannpirkarar – kva er poenget?

  1. Liv Marie Austrem says:

    Fekk meg ein god latter – men så er nå eg blant dei som likar dei runde og godlynte som ikkje knekk så lett.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.