Eit gamaldags menneskesyn?

Eg har vanskar med å forstå innlegget frå dageleg leiar i Privat Omsorg Nord (PON), Berit Mathisen i Nordnorsk debatt. Ho har fått det for seg at å meine eg har eit gamaldags menneskesyn fordi eg meiner at sentrale omsorgsoppgåver blir best om hovudmotivet er å hjelpe framfor å tene pengar.

Det har ho sjølvsagt lov til å meine. Eg synst dei politiske debattane blir best om vi debatterer dei politiske sakene og ikkje tillegg kvarandre eit eller anna menneskesyn berre fordi vi er usamde.

Følgjande ting ligg fast:

  • Kommunen har ei svært mykje betre pensjonsordning for sine tilsette enn det Privat Omsorg Nord har.
  • Eigarane av Privat Omsorg Nord er Ertvaag-familien i Stavager gjennom holdingselskapet Camar as. Det selskapet er eit reint investeringsselskap og driv med helse og eigedom for å tene pengar.

Så kan vi sjølvsagt diskutere om det er greitt eller ikkje. Eg meiner at det er feil om nokon skal sko seg på våre skattepengar. Eg vil at dei skal gå til velferd og gode arbeidsmiljø for dei ansatte. Det er det sjølvsagt lov for Berit Mathisen å vere usamd i.

Den lange politiske kampen som ligg bak velferdsstaten, er basert på ei forståing av at velferdstenester skil seg grunnleggande frå andre typar tenester og at marknaden ikkje kan levere likeverdige tilbod uavhengig av bustad, behov og inntekt. Det offentlege har derfor ansvaret for at velferdstenestene blir levert, at dei held god kvalitet og at de er tilgjengelege for alle.

Det blir frå PON hevda at det vil koste kommunen eit tjuetals millionar å ta tilbake denne tenesten til kommunal drift. Det er med respekt å melde tøv. Kommunens heimeteneste er effektiv og god. Dei omtrent 18 årsverka som vi vil trenge vil koste omtrent det same som kommunen i dag betaler til PON for desse tenestene. Det er uansett kommunen som fastset timetalet i tenesten, uavhengig av kven som driv. Og det er kommunen og skattebetalarane som betaler rekninga uansett kvar den kjem frå.

Det er og slik at mange av dei same folka jobbar både i kommunen og i PON. Men PON har ingen nattevakter. Det er kommunen som har all teneste om natta til dei som treng det. Det betyr at når kommunen tar over vil det i mange tilfelle bli enklare å lage ein heilskapleg teneste og gje god omsorg heile døgnet for desse pasientane.

One Reply to “Eit gamaldags menneskesyn?”

  1. Liv Marie Austrem sa:

    Eg tenkjer at dette var klar og innlysande tale.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.