Troms og Tromsø

Turistskatt er eit delsvar på utfordringane i Tromsø

Nesten uansett kvar du reiser på ferie i Europa så må du betale turistskatt. Det er vanlegvis ein sum per overnatting. Det varierer frå ein halv euro natta til åtte euro natta. I Tromsø er det ca ein million kommersielle overnattingsdøgn i året. Dersom vi fekk lov til å krevje inn 20 kroner per natt ville det gje oss 20 millionar kroner i året til å legge til rette for reiselivsnæringa og bøte på nokre av utfordringane turiststraumen gjev oss.

Portrett Pål Julius Skogholt

Det er heilt fantastisk å bu i ein by, ein kommune, ein region som folk har lyst til å besøke. Hit kjem folk for å oppleve nordlys og natur, kultur og kval. Det skal vi vere glade for. Det gjev inntekter for næringsliv og inntekter for kommunen. Men, som alltid er det nokon som må ta oppvasken etter at gjestane forlet oss. Det at mange vil besøke oss fører til press på utfartstoalett, parkering langs vegane, slitasje på stiar osb. Vi vil jo gjerne at det skal vere reint og ryddig når vi år besøk, så det hadde vore gjævt å kunne pynta litt opp i sentrum.

Dette er utfordringar som det er vanskeleg å løyse innanfor trange kommunale budsjett. Derfor meiner eg det er rimeleg å be dei som besøker oss om å bidra til å løyse desse utfordringane.

Vi kan få til mykje med turistskatt

20 millionar kroner å året vil gjere det mogleg for oss å løyse nokre av dei utfordringane som turiststraumen gjev oss. Vi kan drifte og bygge fleire utfartstoalett, slik at ikkje innbyggarane våre treng bekymre seg for at folk skal skite i hagane deira. Vi kan brøyte å vedlikehalde utfartsparkeringane slik at vi får færre trafikkfarlege episodar langs vegane. Vi kan forskjønne sentrum til glede for både oss og dei som besøker oss. Vi kan bidra til å bygge landstraum for cruiseskip, og kanskje kan det og bli eit bidrag til å bygge kompetanse og utvikle reiselivsnæringa.

Dessverre opnar ikkje lovverket for innkreving av turistskatt per no. I SV meiner vi at kommunen må ta initiativ overfor Stortinget, slik det det blir opna for at kommunane kan krevje inn ein slik skatt.

Så er det sjølvsagt mange ting vi må diskutere framover. Skal skatten berre gjelde turistar, eller også forretningsreisande. Skal det berre gjelde utanlandske turistar eller skal det gjelde alle? Og korleis sikrar vi at AirBNB og liknande også betaler.

Kommunestyret i Tromsø vedtok etter forslag frå SV, «Tromsø kommune utreder ei ordning med turistskatt på alle kommersielle overnattingar.» Eg kunne ønska meg ei enno tydelegare formulering, men utgreiing var det det var mogleg å få fleirtal for i denne omgangen. Kanskje opnar det seg nye moglegheiter etter valet?

Standard

Ein tanke om “Turistskatt er eit delsvar på utfordringane i Tromsø

  1. Gunvor Holst says:

    Når mange andre land har byskatt og turistskatt og alt kommer i tillegg til oppgitt rompris, burde det være enkelt. De som vil komme hit, kommer. Og vi drar jo gjerne til Roma?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.