Politikk

Her er innlegget mitt i kommunestyret i dag om den politiske plattformen

Ordførar,

Det kjem til å bli fire spennande år. I SV ser vi to store utfordringar for Tromsø-samfunnet og minst ei stor utfordring for sjølve Tromsø kommune.

SV gruppa i kommunestyret i dag, 30.10.19

Vi står midt oppe i ei stor klimakrise. Denne erklæringa er svært tydeleg på at miljø og klima er noko vi vil prioritere å jobbe med dei neste fire åra. Skal vi nå måla våre må vi i snitt kutte i overkant av 20 000 tonn utslepp i Tromsø kvart år. Det kjem til å bli vanskeleg. Men med hjelpemiddel som klimabudsjettering og klimareknskap vil vi klare å måle oss sjølve mot måla våre.

Slik eg ser det har vi tre hovudverkemiddel som vi må og kan bruke for å få ned klimagassutsleppa i Tromsø:

  1. Innføring av landstraum i Tromsø hamn. Der må vi ta dei lågast hengande fruktane først. Då er det sbnakk om landstraum til dei mindre fartya. Landstraum til cruiseskipa er mykje dyrare og ville måtte komme etter kvart. Her er hamna i god gang med arbeidet.
  2. Fossilfrie byggeplassar. Anlegg og bygging er den sektoren i Tromsø med størst vest i utslippa. På ein måte er det bra, vi treng mykje bygging i Tromsø. Men vi må sørge for at desse jobbane skjer med så små utslepp som mogleg.
  3. Vi må arbeide beinhardt for å få på plass ein byvekstavtale i Tromsø.

Den andre store utfordringa tromsøsamfunnet har er at det blir stadig større skilnader mellom folk i denne byen sjølv om det er slik at Tromsø er den byen i Noreg med minst skilnader mellom folk.

Samarbeidspartiene har også her tre hovudstrategiar for å gjere noko med dette. Det første og aller viktigaste er å sikre arbeid til folk. Det er dena lelr viktigaste strategien for å hindre fattigdom. Derfor har vi ein aktiv strategi for å bidra til fleire arbeidsplassar i Tromsø. Sjølv om vi noko av landets lågaste arbeidsløyse, kan vi enno bli betre. Det skal vi bli.

Den andre delen av det er å sikre heile stillingar, fast tilknytting til arbeidslivet og norske løns og arbeidsvilkår. Der har vi utfordringar – i Tromsø og.

Derfor er eg kjempeglad for at samarbeidspartia er samde om å vidarføre og intensivere arbeidet emd oslomodellen. Den skal sikre ordna forhold der kommunen er innkjøpar. Sikre fagarbeidarar og lærlingar.

Det tredje er at vi må sikre at folk skal ha råd til å bu i Tromsø. Derfor vil vi blant andre ting utvide startlånordninga slik at fleire kan få hjelp til å skaffe seg

Til slutt – og det kjem vi jo tilbake til i neste sak – så er det klart at vi må sørge for å få orden på den kommunale økonomien. Utan ei tryggleik for økonomien er det vanskeleg å få til alt det vi alle gjerne vil gjennomføre dei neste fire åra.

Den plattformen legg grunnlaget for eit godt arbeid i dette kommunestyret dei neste fire åra. Så skal vi sjølvsagt vere open for gode innspel heile perioden. For plattformen er omfattande, men det er mykje vi skal halde på med som ikkje er dekt i platatforma.

Standard

Ein tanke om “Her er innlegget mitt i kommunestyret i dag om den politiske plattformen

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.