Det var kanskje ein litt sleivete måte å seie det på. Andre ord hadde sikkert vore betre. Men grunnen til at eg skriver det slik er at skolen der ikkje har tilgang til gymsal per no. Det må dei ha. Det andre er at vi har stor mangel på hallar i Tromsø. Det tredje er at saka har vore utsett fleire gonger og prosjektet har vore endra for å gjere det billigare. Vi kjem nok ikkje lenger ned enn dette. Derfor må vi nok «peise» på.