Pål Julius Skogholt
Eg heiter Pål Julius Skogholt. Eg er 36 år gamal og bur i Tromsø. Eg er fylkesråd for utdanning og helse i Troms og leiar i Troms SV.
Om ti år kan du kanskje sette deg på toget i London og i løpet av to dagar vere framme i Beijing. Utanfor vindauga har du sett stepper, gamløe byar og kulturar fyke forbi i 320 kilometer i timen. Berre ein draum? Ikkje om vi skal tru på raportane i EUObserver. I følgje dei finst read more
Eg vart veldig glad for dagens oppslag i VG om at Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil gjeninnføre valfaget i ungdomsskolen. Eg trur dette kan vere med på å redusere fråfallet i den vidaregåande skolen og gje betre akademiske resultat for mange. Då eg var fjorten var eg ein lesehest, og gjorde det ganske godt på skolen. read more
På tysdag var eg og besøkte restane etter oljealderen. Eller rettare, eg besøkte ei bedrift som høgger opp gamle oljeplattformar. I løpet av dei nærmaste åra skal meir enn 500 gamle installasjonar i Nordsjøen fasast ut. Det må skje på ein miljømessig forsvarleg måte. Intallasjonane inneheld både tungmetallar, kjemikaliar og lågradioaktivt avfall som må read more
I dag la Klima og forurensingsdirektoratet fram rapporten Klimakur 2020. Rapporten er ein gjennomgang av over 160 verkemiddel som vi kan nytte til å redusere utsleppa av klimagassar i Noreg. Dersom vi skulle gjennomføre alle tiltaka ville vi redusere utsleppa med 22 millionar tonn CO2 eller andre gassar. Det målet Stortinget har sett er mellom read more
Kunne OL vore brukt til å få fleire interessert i realfag? Det var i alle fall ein av ideane, eller kanskje heller hjartesukka som kom opp på møtet i Forum for realfag i går. Regjeringa skal legge fram ein ny strategi for satsing på realfag. Dette er eit viktig dokument, sjølv om det ikkje read more
I dag har eg lest Aftenposten på nynorsk. Det var artig. Det kjem ikkje av at den gamle tanta er blitt moderna, radikal og nynorsk på sine gamle dagar. Det kjem av at eg i dag har prød eit godt nytt verkty for å omsette nettsider og anna tekst frå bokmål til nynorsk. Apertium.org er read more
Denne vesle videoen gjev ei artig innføring i økonomisk teori. Verd å ta ein titt på, sjølv om eg tvilar på at økonomane sitt liv er like lettliva som ein kan få inntrykk av her. Takk til Paul Chaffey og A fistful of Euros for tipset om videoen.