Category Archives: Ikkje politikk

Ei novelle – 12,- kroner, takk

I dag kom det spennande nyhende frå Amazon. Dei startar noko som dei kalla Kindle Singles. Dei inviterer folk til å skrive gode verk på mellom 30 og 90 sider som skal seljast elektronisk til Kindle. Dette er ei verklengde som er for lange til å vere artiklar i eit magasin, men for korte til read more »

Lengste statsministerkarriere

Eg må innrømme at eg ikkje visste at Einar Gerhardsen var statsminister i 90 år. Meiner å minnest at det var nokre andre og i forrige århundre, men eg må ha tatt feil. Skiltet heng jo på ein departementsbygning og då må det vel vere rett?

Reisebrev frå Frogner

Eg har no budd på Frogner i Oslo i litt meir enn eit halvt år. Tida mi har eg stort sett brukt på familie og jobb, så eg har ikkje hatt så mykje tid til å vere turist i eigen bydel. Eg har likevel fått med meg nokre skilnader mellom burettslaget mitt i Tromsø og read more »

Lite aktivitet og dårleg samvet

Dårleg samvett er ikkje noko særleg å trakte etter. Men eg skal innrømme at eg av og til kjenner eit stikk av dårleg samvett fordi eg ikkje skriv nok og ikkje innsiktsfullt og artig nok på denne bloggen. Det har eg bestemt meg for å legge bak meg. Eg har opplevd to ting. Det eine read more »

Billige fly i Dagbladet

Det var litt ironisk når Dagbladet i dag hadde ei heilside i bilaget om at her finn du billige flybillettar. Eg trur mange for tida er meir opptatt av å finne fly enn prisen på billettane. Eg likte og råda om å planlegge i god tid, medan rådet om å vere fleksibel med omsyn til reisemål read more »

Farvel motor

Fredagen konka sykkelmotoren min ut. På veg til jobb med ungar i tilhengaren gjekk plutseleg alt i svart og i staden for framdrift vart det brems. Motoren slo seg i lademodus, så i tillegg til mi eiga vekt, vekta av to ungar i tilhengaren og vekta av motor og batteri måtte eg overvinne motstanden i read more »

Klassekampens eventyrlege mørekyst

Klassekampen har ein notis på side sju i dag. Overskrifte er; «Eventyrlig sildefiske på Møre». Vidare skriv avisa om eit eventyrleg sildefiske på mørekysten og avsluttar med å slå fast at fangstane er gjort frå «Vestfjorden i Nordland til Trøndelag-kysten». Eg skal vere den første til å erkjenne at mørefiskarane er dyktige, men at dei read more »

Aftenposten på nynorsk

I dag har eg lest Aftenposten på nynorsk. Det var artig. Det kjem ikkje av at den gamle tanta er blitt moderna, radikal og nynorsk på sine gamle dagar. Det kjem av at eg i dag har prød eit godt nytt verkty for å omsette nettsider og anna tekst frå bokmål til nynorsk. Apertium.org er read more »