Category Archives: Klima

Har vi råd til ei grøn framtid?

Svaret er ja, for å slå fast konklusjonen allereie i første setning i ingressen. Det er fleire grunnar til at vi kan slå fast dette. Ein grunn er Stern-raporten som seier at det vil koste verda mellom minus to prosent og tre prosent av BNP å få kontroll på drivhuseffekten. Ei billig forsikring mot noko read more »

Statsmenn satt i rad

Plenumssalen på Bella Center i København er svær. Nærmast podiet sit ministrane og forhandlingsdelegasjonane alfabetisk etter namnet på landet, bak dei kjem dei internasjonale organisasjonane, og bakerst sit resten av delegasjonane.  Då renn det meg ein songtekst i hu: Jag drömde om en jättesal där statsmän satt i rad. Så skrev dom på ett konvolut read more »

Isen smeltar raskare enn vi vil tru

Torsdag 13. august hadde BBC ein reportasje som er skremmande. Vi har høyrt om at havisen i Arktis smeltar, vi har høyrt om isbrear på Grønland som kalvar og sprekk, men til no har i alle fall eg oppfatta at Antarktis har vore ganske stabilt. Det er ikkje lenger tilfelle. BBC skriv på nettsidene sine read more »

Klimaendringane blir tydelegare og tydelegare

I dag legg Bjerknessenteret fram ein ny rapport om klimaendringane i Noreg. I følge Dagbladet seier rapporten at vi kan forvente oss 5-7 gradar høgare vintertemperaturar i Finnmark. Rundt fire grader i resten av landet. No er det kanskje ikkje noko katastrofe at vi går frå minus 40 til minus 33 i Finnmark om vinteren read more »

Den grønne leiartrøya

Det vil koste oss rundt 20 milliardar i året fram til 2050 å redusere utsleppet av CO2 frå 11 tonn per innbyggar til to tonn per inbyggar. Det hevdar EBL i ein ny rapport. To tonn per innbyggar er det utsleppet IPCC seier er det vi kan tillate oss om vi skal halde klimaendringane på read more »

Klima og vår – det same?

Mitt forhold til dei store klimaendringane er som forholdet mitt til våren. Eg veit at det kjem til å bli store endringar. Eg veit at havnivået vil stige, eg veit at mange vil måtte gjennom store lidingar. Likevel gjer eg så alt for lite for å motverke klimaendringane. Og våren? Når det er vinter så read more »

Ny arktisk politikk frå USA

Ei av dei aller siste embedsgjerningane frå George Bush, var å skrive under på eit dekret som etablerer ein ny arktisk politikk for USA. Dekretet er utforma slik at det ikkje er sannsynleg, så vidt eg kan vurdere,  at det vil bli omstøtt av den nye presidenten umiddelbart. Det er mykje spennande i den nye read more »

Kor høgt kjem vatnet?

Vi har alle høyrt skrekkvisjonane om at havet kan stige med sju meter. Det kan det kanskje i det aller verste tilfellet, men det skjer ikkje med det aller første. Sjølv om mange hevdar at klimaendringane går fortare enn det forskarane bak IPCC meinte. Bjerknessenteret har saman med Miljøverndepartement gjeve ut ein rapport der dei read more »