Category Archives: Kollektivtrafikk

Ein videoblogg om anbud og ansvar

  Eg har tidlegare skrive litt om Nobina, det kan du lese her.   Her er saka på NRK om masseoppseiingar i Nobina i Norrtälje

Nattugla

Eg vart ganske overraska då eg las i iTromsø i dag at det no blir slutt på Nattugla her i Tromsø. Overraska, men ikkje så forundra. Eit av kjenneteikna ved anbodssystemet som høgresida har fått innført i Troms er jo at du får akkurat det du betaler for og har kontraktsfesta. Ikkje ein kilometer meir. read more »

Videoblogg om kvalkjøtt, anbud og Breivang vgs

  Likte du denne videoen kan du kanskje og hå interesse i å lese det eg har skrive om anbudet på bussane i Tromsø, du finn det her. Her skriv NRK Nordland om kvalkjøtt. På fylkeskommunen sine nettsider finn du informasjon om skolestrukturen i Tromsø. Eg skriv meir om Breivang vgs her. Fleire videobloggar finn read more »

Pengane våre forsvinn langt vekk

I dag kunne vi lese i Nordlys at Nobina (tidlegare Concordia) vann anbudskonkurransen om å få køyre bussane i Tromsø, Karlsøy og Balsfjord. 1,6 milliardar skal selskapet ha for dette. Kvar hamnar overskottet for selskapet, kven skal tene på skattepengane våre? Nobina er eit svensk konsern. I årsrapporten for 2010 så står det(side 45): Internationella read more »

Den vanskelege debatten – om bensinpris og bussbillett

I dag kunne eg, og mange andre sjå på førstesida av Nordlys at ein partikamerat meinte at bensinprisen burde vere 20 kroner. Kva skal ein seie til slikt? At han har heilt rett – i alle fall i byen. Det er minst to innfallsvinklar til denne debatten 1. Bilen er viktig for velferden til folk, read more »

Alternativ til fly

Det er alltid godt å ha alternativ – i desse dagar er det godt å ha alternativ til fly. Ville berre nemne at vi manglar tog til Tromsø. Kanskje på tide med eit alternativ?

Lyntog til Kina

Om ti år kan du kanskje sette deg på toget i London og i løpet av to dagar vere framme i Beijing. Utanfor vindauga har du sett stepper, gamløe byar og kulturar fyke forbi i 320 kilometer i timen. Berre ein draum? Ikkje om vi skal tru på raportane i EUObserver. I følgje dei finst read more »

Kake frå Natur og Ungdom

Det er ikkje så ofte at eg som politikar får kake frå Natur og Ungdom for eit vedtak. Det skjedde i dag og var ei fin oppleving. Bakgrunnen er at fylkesrådet i Troms (Ap og SV)  endrar busstakstane i Troms. I Tromsø vil eit månadskort for ungdom no kosta kun 200,- kroner. I tillegg har read more »