Category Archives: Olje

Sju av fjorten frå nord

Eg vil gratulere Natur og Ungdom med val av nytt sentralstyre. Sju av dei 14 i sentralstyret er frå Nord-Noreg. Det er eit godt utgangspunkt for den viktigaste miljødebatten i Noreg – skal vi bygge ut olje utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. No bør NU vere godt rusta til å bidra til at vi vinn read more »

Gazprom – ein kjempe på leirføtter

Gazprom er Russlands ære og makt. Selskapet er det suverent største i landet. Selskapet står for ein fjerdedel av skatteinntektane i Russland, og er ein svært viktig del av russisk utanrikspolitikk og russisk strategi for å få større kontroll med det nære utland. Det er derfor ei stor utfordring for Russland, for det politiske systemet read more »

Goliat, olje og dissens

Det italienske oljeselskapet ENI har no lagt fram konsekvensutgreiinga for utbygginga av goliatfeltet utanfor Finnmark. Goliatfeltet ligg svært nær land og nært det store fuglefjellet Gjesværtappan. Det er eit felt som vi ikkje treng bygge ut. Det er berre 48 kilometer frå Goliat og inn til land. Olja vil bruke vel eit døgn på turen, read more »

Skizofreni hos DN og IEA?

Dagens Næringsliv på torsdag 13. november hadde eit fantastisk oppslag over to sider. Oppslaget inneheld to artiklar på desse to sidene. Den eine artikkelen handlar om at IEA (International Energy Agency) advarer mot eit klimaragnarokk. Den andre artikkelen handlar om at IEA advarer mot at verda er i ferd med å sleppe opp for olje read more »

Betre å spare på botn av havet?

Verda er inne i ei stor finanskrise. Verdiane av aksjer og obligasjonar er i fritt fall. Med det fell og verdien av det norske oljefondet. Då er det verd å spørre seg; ville det ikkje vore betre å spare olja på botn av havet enn i aksjar? Dette har SV hevda i mange år. Eit read more »

Arktis blir varmare

Nei, eg snakkar ikkje om klimaendringar denne gongen. Det kunne eg nok gjort. Nordvestpassajen er open igjen i år og isen er tynnare enn nokon gong. Men, nei, denne gongen handlar det om det internasjonale landnåmet (sjøbotnnåmet) som foregår der. Havrettstraktaten gjev landa rundt polbassenget ein frist fram til 2014, eller tidlegare om dei ratifiserte read more »

Auka eksportavgifter, lurt av Russland

Russland har auka eksporttolla på rundtømmer. Dette er tømmer som ikkje er saga til plank eller på anna måta er gjort klart til bruk. Dette viser at russiske styresmakter har skjønt ein del grunnleggande om økonomi som dei fleste vestlege og norske økonomar har latt gå i glømmeboka. Denne lærdomen er at ingen land kan read more »

Seismikkskyting

Eg hadde tenkt å skrive litt om seismikkskyting i dag, men Åsa Elvik har sagt det meste her