Category Archives: Olje

Seismikkskyting

Eg hadde tenkt å skrive litt om seismikkskyting i dag, men Åsa Elvik har sagt det meste her

Treng vi olja?

Vi er heldige og bur i eit rikt land. Det er vel fordi vi har funne olje? Nei, eller i beste fall kanskje. i 2007 brukte staten nesten ikkje ei einaste oljekrone. Då statsbudsjettet vart lagt var det budsjettert med at vi skulle bruke 54,1 milliardar oljekroner. Når statsrekneskapen kjem 25. april vil det vise read more »

Store forskjeller på folk

I går la SSB ut nok ein av mange spanande statistikkar. Denne gongen handlar det om fordelinga av rikdomen og inntekta i landet. Statistikken viser at det er svært stor skilnad mellom fylka i landet. I følgje denne statistikken er BNP per innbyggjar i Oslo 600 959 kroner, medan det i Nord-Trøndelag er 217 471 read more »

Oljeboring utenfor Lofoten og Vesterålen – lotto uten gevinst?

Saman med leiaren i Nordland SV sendte eg ut denne pressemeldinga i dag: Lederene i Nordland SV og Troms SV reagerer skarpt på Statoilhydrosjef Helge Lund sitt utspill i Dagens Næringsliv i dag. Lund hevder at det er hans demokratiske rett å bore etter olje utenfor Lofoten og Vesterålen. StatoilHydro er et aksjeselskap. I et aksjeselskap er det eierene som avgjør. Den største eieren i StatoilHydro har read more »

Framtida til Tromsø maritime skole

Dei maritime næringane er viktige i Troms. I fylket vårt var det i 2005 1230 personar tilsatt innafor sjøfart, og dei 44 tromsbedriftene omsette for over ein milliard. Dette er viktige arbeidsplassar for fylket vårt og dette er viktige bedrifter i fylket vårt. Ei av dei viktigaste forutsetningane for vidare utvikling er tilgang til kompetent read more »

Russland, val og Weimar

Søndag er det val i Russland. Valet er ikkje særleg spanande. Det er klårt at Dimitrij Medvedev kjem til å bli valt til president. Russland har endra seg mykje dei åtte åra Vladimir Putin har vore president. Landet er enno ikkje rikt, men samanlikna med byrjinga av 90-talet har landet tatt stormsteg framover. Det er read more »

Litt småleg

Audun Lysbakken ein ei dei mange gode sjefane mine i SV-leiinga, framstår litt småleg i bloggen sin i dag synst eg. Lysbakken skriv at han ikkje er imponert over at USA/Bush har nytta 15 milliardar på å bekjempe AIDS i Afrika, fordi så uendeleg mykje meir er brukt på krigen i Irak. Lysbakken har sjølvsagt read more »

Vil meir pengar hjelpe?

I nesten alle samanhengar der vi har eit problem i samfunnet blir det ropt på meir pengar. Anten det gjeld skole, vegar eller sjukehus. Og, det er ingen tvil om at pengar kan hjelpe. Då kan det kanskje vere verd å spørre, dersom pengar er med på å løyse problema og vi veit at Noreg read more »