Category Archives: Politikk

Amnesti no!

  Yalda skal sendast ut av landet, foreldra blir sendt til kvart sitt land. Ho har budd her i fem år, over av halvparten av livet sitt. Er det farleg for oss om ho får bli? Allan på tre år har fått avslag på søknaden sin om opphald i Noreg, landet der han er født read more »

La olja ligge

I dag vart vi møtt av nyheita om at Statoil har funne meir olje i Barentshavet. Det er ei gladmelding. Olje er viktig for energiforsyninga vår og det er eit viktig kjemikalie i mange typar industri. Men vi treng ikkje ta opp olja no – vi har råd til å vente. Olja kjem ikkje til read more »

Primærval i Noreg?

Leiaren i Unge Venstre er til ei forandring ute med eit interessant og positiv sak på TV2 i dag. Han meiner at norske parti kan ha mykje å lære av korleis amerikanarane vel kandidatane sine. Eg trur og det, men har og nokre ikkje heilt ubetydelege motførestillingar. Politikken handlar i utgangspunktet om meiningar og visjonar read more »

Konge eller president?

Må vi velje om vi skal ha konge eller president? La meg som ein god SVar få foreslå «ja takk, begge deler». Hovudargumenta for kongedøme er så vidt eg veit to. 1. Kongen og kongefamilien representere landet på ein god måte og 2 dei utgjer ein viktig tradisjon og ei institusjonell forankring som er viktig read more »

Blått godteri

Det er fristande med ei sterk blåfarge. Anten det er den blå nonstopen på pepparkakehuset eller fridomspratet frå dei blå partia. Blå tilsettingsfarger i godteri og anna mat vart lovleg i Noreg i 2002. Då vart eit EU-direktiv om dette gjeldande, før hadde norske helsestyresmakter sagt nei til dette. Vi fekk med andre ord fridom read more »

Islam, kristendom eller religion?

Per Willy Amundsen har ein interessant kronikk i Aftenposten i dag. Han skriv at han er kritisk til islam fordi islam ikkje har gått gjennom ein reformasjon og opna for ei vitskapleg utvikling. Så kan ein jo ha det artig med at Frp hald seg med den uvitskaplege meininga at det ikkje finst menneskeskapte klimaendringar, read more »

Feitare politikarar – slankare elevar

Overskrifta lyg sjølvsagt, gjer ikkje alltid overskrifter det? Om politikarane blir feitare veit eg lite om, men eg veit det blir fleire og dyrare politikarar i Tromsø, medan det blir mindre pengar til skolane og elevane. Dette er kanskje hovudinntrykket etter å ha lest høgrebyrådet sitt framlegg til budsjett for 2012. I tillegg er det read more »

Sjuke brennesler

Sommar er fantastisk. Varme solfylt dagar med bading, is og grilling. Det spirar og veks, jordbæra blir raud, fisken bit og ungane er snille – sanneleg om dei ikkje lar vere å slåss og. Far får tid til å lese både aviser og bøker, og trur du ikkje mor blir brun og enno finare enn vanleg.