Category Archives: Økonomi

La olja ligge

I dag vart vi møtt av nyheita om at Statoil har funne meir olje i Barentshavet. Det er ei gladmelding. Olje er viktig for energiforsyninga vår og det er eit viktig kjemikalie i mange typar industri. Men vi treng ikkje ta opp olja no – vi har råd til å vente. Olja kjem ikkje til read more »

Feitare politikarar – slankare elevar

Overskrifta lyg sjølvsagt, gjer ikkje alltid overskrifter det? Om politikarane blir feitare veit eg lite om, men eg veit det blir fleire og dyrare politikarar i Tromsø, medan det blir mindre pengar til skolane og elevane. Dette er kanskje hovudinntrykket etter å ha lest høgrebyrådet sitt framlegg til budsjett for 2012. I tillegg er det read more »

Vi treng meir til miljø

I dag kjem statsbudsjettet. Det vil vise at vi heller ikkje i år bruker nok på klimatiltak, sjølv om det skal seiast at denne regjeringa har løyva mykje pengar til ulike miljøtiltak. I 2010 eksporterte Noreg 77 954 000 tonn råolje, det tilsvarer omtrent 245 millionar tonn CO2. Ei CO2-kvote i EU-marknaden har hatt ein pris read more »

La Hellas gå konkurs

Ingen har ønska seg dagens krise i Europa, men det som skjer er likevel eit uttrykk for ein villa politikk. EU sine fire fridomar og innføringa av euroen er grunnlaget for den krisa vi ser i dag. EU-systemet endrar makttilhøva i arbeidslivet, høg arbeidsløyse reduserer fagrørsla si makt – det er grunnen både til krisa read more »

Lågthengande fruktar

Veksten i den amerikanske økonomien frå krigen og fram til midt på 70-talet er basert på at dei har plukka tre lågthengande fruktar. No er fruktane plukka, og kanskje er det ein av grunnane til at det ikkje blir skapt jobbar i USA. Det hevdar i alle fall Tyler Cowen i boka “The Great Stagnation” read more »

Heller eige enn leige

Høgres Øyvind Hilmarsen spør i eit lesarinnlegg om det ikkje blinker varsellamper for SV med omsyn til at gjelda er i ferd med å bli stor i Tromsø. Jo, det er ingen tvil om at det hadde vore hyggelegare å vere gjeldfri, det trur eg dei fleste av oss kan skrive under på. Men, faktum read more »

Ein by open for nye idear

I middelalderen vart Venezia ein av dei største, mektigaste og rikaste byane i verda. Ein av teoriane som prøver å forklare korfor, seier at Venezia skapte seg denne statusen gjennom å vere open for alle typar folk, alle typar yrker og dei mange ideane som oppstår i møtet mellom desse. Tromsø kan lære av kva read more »

Pengane våre forsvinn langt vekk

I dag kunne vi lese i Nordlys at Nobina (tidlegare Concordia) vann anbudskonkurransen om å få køyre bussane i Tromsø, Karlsøy og Balsfjord. 1,6 milliardar skal selskapet ha for dette. Kvar hamnar overskottet for selskapet, kven skal tene på skattepengane våre? Nobina er eit svensk konsern. I årsrapporten for 2010 så står det(side 45): Internationella read more »