Category Archives: Økonomi

Pengane våre forsvinn langt vekk

I dag kunne vi lese i Nordlys at Nobina (tidlegare Concordia) vann anbudskonkurransen om å få køyre bussane i Tromsø, Karlsøy og Balsfjord. 1,6 milliardar skal selskapet ha for dette. Kvar hamnar overskottet for selskapet, kven skal tene på skattepengane våre? Nobina er eit svensk konsern. I årsrapporten for 2010 så står det(side 45): Internationella read more »

Høgre er næringsfiendtlege og distriktsfiendtlege

Eg er kanskje naiv, men eg hadde faktisk trudd at Høgre var opptatt av næringslivet i heile landet, og at dei var opptatt å skape det nye næringslivet som vi skal leve av og med i framtida. Eg tok feil. Høgre er i beste fall opptatt av næringslivet i Oslo og Akershus. Eg vart kvitt read more »

Ghandisk ingeninørtenking

Jorda har nok ressursar til at alle kan få dei treng, men ikkje nok til å tilfredsstille alle si grådigheit, i følgje Ghandi. Dette er utgangspunktet for ghandisk ingeniørtenking. Utgangspunktet er at vi må tenkje heilt nytt om korleis vi bygger ting, om vi skal kunne gje alle på jorda eit godt liv. TED har read more »

Aust og vest i Tromsø

Det er godt kjent at at Oslo har ein tydeleg austkant og ein tydeleg vestkant. Men korleis er stoda i Tromsø. Finst det ein austkant og ein vestkant? Svaret er både ja og nei. Det finst ein vestkant, og vestkanten i Tromsø heiter Sorgenfri. Innbyggarane i postnummerområde 9013 har ei skattbar inntekt i snitt på read more »

Moms på elektroniske tenester

I Twittersfæren er ein av dei store debattane i etterkant av framlegginga av statsbudsjettet blitt om moms på elektroniske tenester frå utlandet. Eg har hatt ei utveksling med @dagbnor om denne saka, og fann ut at eg hadde trong til å bruke litt meir enn 140 teikn på denne diskusjonen. På 140 teikn (som er read more »

Eit budsjett for miljøteknologi og innovasjon

I Næringsdepartementet har hovudfokus i dette budsjettet vore på det vi skal leve av i framtida.  Det er ei stor satsing på dei teknologiane vi skal leve av framover. Det tyder at forsking og miljø får ein auke i eit stramt budsjett. Dette vil vere med på å legge til rette for eit grønare næringsliv og vil read more »

Lovund – eit utkantsamfunn med vekst

Mange småsamfunn i Noreg slit med manglande næringsutvikling, fråflytting med påfølgjande utarming av private og offentlege tilbod. Men nokre samfunn er kjerringa mot straumen, dei får til vekst og utvikling. Kva er det som skil det eine samfunnet frå det andre? I går brukte eg ein dag på Lovund og Træna. To små øysamfunn på read more »

Straum frå straumen

15 terrawatt er mykje straum. I dag produserer vi ca 140 terrawatt i Noreg i løpet av eit år. Femten terrawatt er kanskje det potensialet vi har for å produsere straum frå straumane langs kysten vår. Mykje av dette er utanfor Midt-Noreg der vi treng meir straum i framtida. I går var eg i Harstad read more »