Category Archives: Politikk

Sjuke brennesler

Sommar er fantastisk. Varme solfylt dagar med bading, is og grilling. Det spirar og veks, jordbæra blir raud, fisken bit og ungane er snille – sanneleg om dei ikkje lar vere å slåss og. Far får tid til å lese både aviser og bøker, og trur du ikkje mor blir brun og enno finare enn vanleg.

Det susar i Sivet

Det susar i både i Hagen og Sivet for tida, og Framstegspartiet går fram på galluppen. Har forresten nokon undersøkt om namnet på det partiet er i strid med loven? Det må jo vere villeiande marknadsføring. Nåja dei fleste av oss har vel trass alt gjennomskoda namnet og sett partiet for kva det er. Vi read more »

Lønsdumping

Alle har høyrt om Adecco-saka. Men den saka er berre toppen av eit isfjell. Vi ser stadig meir bruk av innleigd arbeidskraft gjennom ulike vikarbyrå. Dette er vanleg i byggebransjen, i verkstadindustrien og ikkje minst i fiskeindustrien. Dette undergrev lønsnivået i Noreg og endrar styrkeforholda mellom fagrørsla og eigarane. Vikarbyrådirektivet vil institusjonalisere dette. NRK Nordnytt read more »

Ja, det blir høgrepolitikk

Det er jo ikkje det minste rart at vi får høgrepolitikk i Tromsø kommune i dei neste fire åra. Høgresida vann valet med klår margin. Eg synst likevel det er litt skremmande å lese i klårtekst kva byrådet har tenkt seg med Tromsø dei neste fire åra. Konkurranse og privatisering er mantraet i byrådserklæringa. Men read more »

Kommunestyret i Tromsø – direkte

Klokka 12 i dag startar det konstituerande kommunestyremøtet i Tromsø. Det skal veljast ny ordførar, men viktigare er det at det kjem til å bli innført parlamentarisme med eit byråd. Byrådet utgår frå Venstre, Høgre og Frp. Følg kommunestyretmøtet direkte her.

Vi treng meir til miljø

I dag kjem statsbudsjettet. Det vil vise at vi heller ikkje i år bruker nok på klimatiltak, sjølv om det skal seiast at denne regjeringa har løyva mykje pengar til ulike miljøtiltak. I 2010 eksporterte Noreg 77 954 000 tonn råolje, det tilsvarer omtrent 245 millionar tonn CO2. Ei CO2-kvote i EU-marknaden har hatt ein pris read more »

La Hellas gå konkurs

Ingen har ønska seg dagens krise i Europa, men det som skjer er likevel eit uttrykk for ein villa politikk. EU sine fire fridomar og innføringa av euroen er grunnlaget for den krisa vi ser i dag. EU-systemet endrar makttilhøva i arbeidslivet, høg arbeidsløyse reduserer fagrørsla si makt – det er grunnen både til krisa read more »

Kva vil skje i Tromsø?

Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom. Eg trur vi vil sjå ei omfattande read more »