Category Archives: Val

Primærval i Noreg?

Leiaren i Unge Venstre er til ei forandring ute med eit interessant og positiv sak på TV2 i dag. Han meiner at norske parti kan ha mykje å lære av korleis amerikanarane vel kandidatane sine. Eg trur og det, men har og nokre ikkje heilt ubetydelege motførestillingar. Politikken handlar i utgangspunktet om meiningar og visjonar read more »

Gode venna

Eg sendte ut denne eposten i morres. Legg den og ut her: Du får denne eposten fordi du på eit eller anna tidspunkt har havna i adresselista mi. Eg stiller til val til kommunestyret i Tromsø, og eg vil gjerne bli valt inn saman med ei sterk SV-gruppe. Derfor skriv eg denne e-posten til deg. read more »

Kva no – vesle parti?

Valet er over, og veljarane har talt. Det var godt at det framleis blir raud-grønt fleirtal i landet, men resultatet til SV plagar meg. Eg synst det er trist at ikkje miljø vart ei viktigare sak i valkampen. Eg trur likevel vi skal innrømme at vi og kunne gjort ting annleis. Kanskje ikkje i valkampen. read more »

Islendingane seier nei – Høgre har panikk

Eg skal ikkje påstå at panikken har sett seg fast i krokane på Høgres hus, men eg synst det siste utspelet om EU vitnar om dei er blitt litt redde. I ei youtube utfordring til Jens Stoltenberg nyttar Erna Solberg den islandske EU-søknaden som eit argument for at også Noreg må søke om medlemsskap. Timinga read more »

Dansande president

Jacob Zuma dansar, og tilhengjarane hans dansar. Til og med den største opposisjonsleiaren Helen Zille og leger i streik dansar. Alle dansar i dette landet, og ein kan ikkje alltid vete om dei er sinte eller glade når dei dansar. Men det er ingen tvil om at partileiaren for Democratic Alliance, den kvite Helen Zille read more »

Meiningsmåling, olje og stortingsval

Tysdag i den stille veka hadde Bladet Tromsø ei meiningsmåling for Troms. Denne målinga var interessant på fleire måter. Ein ting var resultatet av målinga, noko anna er at Bladet Tromsø vel å ikkje gje opp feilmarginane i målinga. Dette at feilmarginane ikkje er gjeve opp gjer det vanskeleg å tolke denne målinga. Det er read more »

Stemmerett for 16-åringar i Troms

Fylkesrådet i Troms gjekk i dag inn for at 16-åringar skal få stemmerett ved fylkestingsvalet i Troms. Regjeringa har foreslått ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet i 2011, no meiner vi at dette bør prøvast òg ved fylkestingsvalet. Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skolar og kollektivtrafikken. Dette er ting vi veit ungdom er read more »

Veljarane avgjer valet

VG får seg til å skrive i dag at «Venstre kan avgjøre valet». Om det er Årebrotten sjølv eller VG sitt vanvittige utsagn veit eg ikkje. Eg er i alle fall lykkeleg over at korkje Venstre eller Sponheim avgjer valet. Det er opp til veljarane. Så kan kanskje Venstre måtte velje mellom regjeringsalternativa – det read more »