Category Archives: Skole

Trist for distriktstroms

I dag la fylkesrådet i Troms fram sitt framlegg til budsjett for 2010, og i samband med det foreslår dei å legge ned Skånland vgs og å samlokalisere Høgtun og Bardufoss. Dei foreslår og å starte ein prosess som kan føre til at Sjøvegan vgs og Sørreisa vgs blir historie. Eg gjekk av som fylkesråd read more »

SV legg ikkje ned skolar

I dag er det blitt brot i fylkesrådssamarbeidet i Troms mellom SV og Ap. Det var ikkje råd for oss å bli samde med AP om den framtidige skolestrukturen i Troms. Derfor har eg i dag sendt dette brevet til fylkesrådsleiaren: AVGANG SOM FYLKESRÅD Med bakgrunn i at det ikkje har vore muleg å komme read more »

Skolestruktur i Troms

Under denne ganske kjedelege overskrifta skjuler det seg enormt med politikk. I Troms var utdanningssektoren underbudsjetter med 30 millionar kroner i 2009. Noko av dette har vi klart å dekke inn i løpet av året, og noko er tilført sektoren undervegs. Det er ingen tvil om dette ikkje kan halde fram. Vi kan ikkje bruke read more »

SV fokuserer på læring – Høgre på sortering

Kent Gudmundsen og Høgre kan ikkje ha likt at eg påpeika at Høgre vil privatisere skolen. Han svarer i alle fall ikkje på den utfordringa. Vedstår ikkje Høgre seg sin eigen politikk? Her svarer eg på Kent Gudmundsens innlegg; «SV uten fokus på innholdet i skolen» som du finn her. Det eg har sett frå read more »

Høyre på skolebenken

Dersom Kent Gudmundsen hadde stilt til ein prøve så dårleg forberedt som lesarinnlegget hans; «Høyre er skolepartiet»; gjev inntrykk av er eg redd det hadde blitt for dårleg karakter til å komme inn på lærarskolen. Det er openbart at Høgre treng ein runde på skolebenken før dei seier noko meir om skole. Gudmundsen skriv i read more »

Sjakk, OL og skole

Visste du at dei som speler sjakk frå ung alder gjer det 14 prosent betre på skolen enn dei som ikkje speler sjakk? Ikkje eg heller, før eg i dag hadde eit møte med Susan Polgar. Polgar har vunne stort sett det som finst å vinne innafor sjakkverda og er no levande opptatt av korleis read more »

Kven står igjen?

I Aftenposten i dag hadde Høgrefolka Ine Marie Eriksen og Torbjørn Røe Isaksen eit utspel der dei seier: –Slike konkurranser gir mål å strekke seg etter. Det blir ikke noe vanskeligere å lære for de dårligste selv de beste blir belønnet. I denne videobloggen kommenterer eg utspelet. Ivar Johansen har og eit godt poeng om read more »

Sluttar sommaren i morgon? Då kan vi studere digitalt

Eg veit ikkje om det er pessimisme eller ganske enkelt realisme som ligg til grunn for at næringsforeininga i Salangen slår fast at sommaren varer frå 28. juni til femte juli. I alle fall blir alle som kjem til Sjøvegan langs RV84 frå Sørreisa møtt med eit skilt som seier: «Sommer i Salangen 28.juni – read more »