Category Archives: Vidaregåande

Opplæringstilbodet i Troms til hausten

På tysdag skal fylkesrådet fastsette opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen i Troms for skoleåret 2009/10. Det er ikkje noko lystig affære. Dei vidaregåande skolane i Troms ser ut til å få eit underskott i 2009 på 28 millionar i år. Då må vi dessverre redusere på marginale og små tilbod for å prøve å komme read more »

Renovering av Bardufoss videregående skole

Det er ingen tvil om at det er behov for ei stor renovering av Bardufoss vgs. Det er heller ingen tvil om at denne renoveringa hastar. Tilstandsraporten fylkesrådet no legg fram for fylkestinget viser eit behov på 294 millionar. Eg må likevel ærleg innrømme at eg ikkje forstår kva Roar Sollied kavar seg opp over. read more »

Fråfallet, den største utfordringa

Til helga er det årsmøte i Troms SV. Eg sit og kladdar på eit forslag om vidaregåande skole i Troms. Eg tar gjerne mot forslag til korleis eg kan gjere denne teksten betre. Er det noko eh bør ta med? Er det noko eg bør endre på? Kva bør SV meine om vidaregåande skole i read more »

Eit stort og viktig val

Det er ikkje så alt for lenge til dagens tiendeklassingar må velje studieløp i vidaregåande skole. Det er kanskje ikkje eit val for livet, men for mange vil dette avgjere framtidas yrke. Det er viktig både for ungdomane som skal velje og foreldra å diskutere dette grundig og skaffe seg informasjon. I Troms tilbyr vi read more »

Skolestrukturen i Indre Midt-Troms

I Troms og spesielt i indre Troms har vi eit breitt og godt tilbod innafor vidaregåande skole. Regionen har nesten alle dei utdanningsprogramma som finst, og vi har eit tilbod innafor eit utal fag og yrke. Det sterke fylkeskommunale tilbodet innafor vidaregåande opplæring i indre Troms er ei stor styrke for regionen. Indre Troms vidaregåande read more »

Fastsetting av vinterferien

Det har vore oppslag i media om at fylkeskommune har skulda for at vinterferien er ulik i grunnskolen i Tromsø og i dei vidaregåande skolen. Dette stemmer ikkje. Kvart år på hausten sender fylkeskommunen ut på høyring eit framlegg til skolerute. Vi får tilbakemeldingar frå alle kommunane på forslaget vårt, før vi fastsett skoleruta for read more »

Satsing på skole og ungdom

Eg er glad og lykkeleg over det budsjettet vi i fylkesrådet la fram i går. Budsjettet har eit tydeleg fokus på barn og ungdom. Vi styrkar driftssida av sskolebudsjettet med 16 millionar og investerer 119,5 millionar i nye skolebygging og ombygging av skolebygg. Det er eit løft for kvaliteten i den vidaregåande skolen i Troms. read more »

Nytt skolebygg på Kvaløya

Kvaløya vidaregåande skole skal endeleg få gode undervisningslokale for bygg- og anleggsteknikk. Troms fylkeskommune bygger 2600 nye kvadratmeter for nesten 45 millionar. Dette vil gjere læringsmiljøet og arbeidsmiljøet mykje betre.  Framtidige tømrarar, røyrleggarar og malarar vil få gode forhold. I dag leier vi lokale i Kaldfjorden og brukar ein plasthall. Denne tida er no snart read more »