Category Archives: Troms og Tromsø

Feitare politikarar – slankare elevar

Overskrifta lyg sjølvsagt, gjer ikkje alltid overskrifter det? Om politikarane blir feitare veit eg lite om, men eg veit det blir fleire og dyrare politikarar i Tromsø, medan det blir mindre pengar til skolane og elevane. Dette er kanskje hovudinntrykket etter å ha lest høgrebyrådet sitt framlegg til budsjett for 2012. I tillegg er det read more »

Ja, det blir høgrepolitikk

Det er jo ikkje det minste rart at vi får høgrepolitikk i Tromsø kommune i dei neste fire åra. Høgresida vann valet med klår margin. Eg synst likevel det er litt skremmande å lese i klårtekst kva byrådet har tenkt seg med Tromsø dei neste fire åra. Konkurranse og privatisering er mantraet i byrådserklæringa. Men read more »

Kommunestyret i Tromsø – direkte

Klokka 12 i dag startar det konstituerande kommunestyremøtet i Tromsø. Det skal veljast ny ordførar, men viktigare er det at det kjem til å bli innført parlamentarisme med eit byråd. Byrådet utgår frå Venstre, Høgre og Frp. Følg kommunestyretmøtet direkte her.

Kva vil skje i Tromsø?

Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom. Eg trur vi vil sjå ei omfattande read more »

Arbeidarpartiet vel Høgre

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap. Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga: AP    read more »

Blir det fleire stemmer av å forlate regjeringa?

Det er ein slags antydning til debatt om SVs regjeringsdeltaking. Den er det viktig at vi tar. Fleire meiner at skal vi kunne klare å gjenreise partiet må det skje utanfor regjering. Då kunne det vore greitt å sjå om det er effekt for partiet i tilsvarande situasjonar. Så vidt eg veit har vi berre read more »

Kva no, vesle parti?

Valet gjekk omtrent som forventa – dessverre. Her i Tromsø ser vi ein tilbakegang på 1,5 prosent. Når eg skriv dette manglar vi fem stemmer på å ta det tredje mandatet, så eg har håp til fintelling og stemmer utanfor krets. Det viktigaste er likevel at dette valet maner til ettertanke både lokalt og sentralt. read more »

Gode venna

Eg sendte ut denne eposten i morres. Legg den og ut her: Du får denne eposten fordi du på eit eller anna tidspunkt har havna i adresselista mi. Eg stiller til val til kommunestyret i Tromsø, og eg vil gjerne bli valt inn saman med ei sterk SV-gruppe. Derfor skriv eg denne e-posten til deg. read more »