Arkivet til 'Ikkje politikk' kategorien

Jul 01 2008

Jubileum

I dag oppdaga eg at eg i går la inn post nummer 100 på denne bloggen. hurra for meg, og takk til alle som les meg ein gong i blant. Hyggeleg om dokk kommenterte litt oftare :-)

No responses yet

Jun 30 2008

Opplæring av Gunn?

Det er mange som hevdar at den norske skolen er for dårleg. Det kan vi sjølvsagt ha ein lang debatt om. Noko er bra, noko kan bli betre. Men ein skulle jo tru at i alle fall kunnskapsdepartementet sine folk skulle kunne skrive rett norsk. Det er derfor overraskande å sjå dette på nettsidene til departementet - i presentasjonen av ministeren av alle ting: 

Opplæringa av Gunn får mykje fokus No kan det sjølvsagt vere at opplæring av Gunn er ei nasjonal oppgåve, men eg trudde vel at departementet ikkje skulle konsentrere om berre ein person?

Men, det er vel sannsynleg at det er gRunnopplæring det skal stå.

Ministeren har forøvrig sagt mykje klokt.

One response so far

Jun 11 2008

Hver 5. natt fri

ReklameplakatenEg bur på hotell i samband med fylkestinget i Harstad. Hotell har sjølvsagt reklame for seg sjølv. I denne reklamen står det at “Hver 5. natt er fri”. Fri! Det er eit fint ord, men kva er det meininga eg skal gjere denne 5. natta når eg har fri? Skal eg sleppe å drøyme? Sleppe å ha sex? Sleppe å sove?

Eg gler meg til oppfølgjinga, og kanskje spesielt; kva må eg gjere om natta når eg ikkje har fri? Gode forslag tas mot i kommentarfeltet.

Forøvrig viser vel denne reklamen nok ein gong at norskopplæringa bør bli betre i Noreg. Det burde vel stått, “Hver femte natt gratis”?

No responses yet

May 26 2008

Visuell likestilling

Eg har nettopp kjøpt meg eit nytt kamera. Eit med alt for mange funksjonar, knappar og innstillingar til at eg nokon gong kjem til å bruke alt. Eg tenkte likevel eg skulle lese gjennom manualen for i alle fall skaffe meg eit bilete av mulegheitene i kameraet. På kameraet er dei ei innstilling for portrett, der skriv Canon:

Sikrer pæne hudfarver. Billedet ser forholdsvis skarpt og klart ud. Velegnet til nærbilleder av kvinder eller børn [sic!]

Spørsmålet til Canon blir då, dersom eg skal ta eit portrettbilete av ein mann, skal eg då bruke innstillinga for landskap, eller kanskje neutral? Det er kanskje ein måte å unngå å gjengje urein hud? Eg har sendt ein e-post til Canon og spurt. Svaret kjem her.

Andre forslag tar eg mot med takk i kommentarfeltet.

One response so far

May 21 2008

Krabbemos

For nokre år sia skreiv eg eit utkast til eit barne-/biletbokmanus. Eg sendte det til eit par forlag, men dei ville ikkje ha det. Ei av grunngjevingane var at det var for skummelt. Eg er vel tildels samd, no når eg har fått eigne ungar. Men eg vil gjerne ha hjelp og kommentarar. Er dette håplaust, eller kan det bli noko av det?

1.
Joakim hatar krabbar. Dei har stygge tynne føter, stikkande auge og fæle klør.

– Mamma, eg går i fjæra!

Han raskar med seg lighteren dei bruker til å tenne i peisen før han spring ut døra.

2.
Nesten kvar dag er Joakim i fjæra. Han og hunden Burgund fangar krabbar. Burgund stikk heile hovudet under vatnet, og dukkar opp med ein sprellande krabbe i munnen. Burgund et krabben.

3.
Joakim leitar etter krabbar under steinar. Han veltar steinane vekk og ser etter krabbar. Når han ser ein krabbe tar han fram spaden sin og mosar heile krabben til krabbegraut. Det er så vidt han kan kjenne igjen krabbeføtene når han er ferdig.

4.
I heile sommar har Joakim og Burgund leita etter krabbar, Burgund spiste dei og Joakim mosa dei. Sola har varma dei, og regnet har plaga dei, men krabbar har dei funne.

5.
I går hadde pappa slått plenen. Joakim hadde sett på før han gjekk i fjæra for å leite etter krabbar. Han hadde sett at pappa fylte bensin på grasklipparen. Då Joakim såg det hadde han fått ein ide til kva han kan bruke bensinen til.

6.
Stille stiltrar Joakim seg inn i vedbua der pappa har bensinkanna. Det er eigentleg ikkje skummelt fordi pappa er på jobb og mamma aldri kjem hit.

Joakim tar etter bensinkanna, men holder på å miste ho når ein edderkopp spring over handa hans. Joakim bit tennene saman og tviheld på bensinkanna. Raskt spring han ned i fjæra.

7.
I fjæra set Joakim kanna frå seg. Like ved kanna begynner Joakim å bygge ein ring av steinar. Han legg stein oppå stein. Til slutt har han eit rundt fengsel med eit høgt gjerde rundt.

No er det på tide å arrestere nokre krabbar og ha dei i fengslet.

8.
Joakim spring frå stein til stein. Han snur steinane. Under steinane er det krabbar, han fangar krabbane. Forsiktig så dei ikkje skal klype han, ber Joakim krabbane bort til fengslet og legg dei oppi. Han må halde dei fast i den fremre delen av skalet.

Joakim kjenner etter at lighteren framleis er i lomma. Snart kjem han til å få bruk for den.

9.
Plutseleg snublar han, og krabba han har i handa kjem seg fri. Raskt spring krabba bort, sidelengs spring han, men Joakim er raskare. Joakim kommer seg på føtene og hoppar fram og landar på krabben. Berre føtene på krabben viftar febrilsk eit par gonger på utsida av støvelen før det blir stilt.

Joakim går raskt vidare til neste stein, og snur den.

10.
Under steinen er det ei stor krabbe. Joakim tar den over ryggen. Krabben når han nesten med klørne. Joakim stirer på krabba og spring mot ringen. Han ser ikkje kvar han set føtene, og plutseleg sit eine foten fast. Han dett framover, landar med andletet like ved ringen. Gjennom ein sprekk i steinmuren ser han krabbane. Dei kryp over kvarandre og prøver å komme ut av fengslet.

11.
Gjørma er djup og Joakim får ikkje foten laus. Han kjempar. Den andre foten sit plutseleg og fast. Då ser han at floa kjem innover.

12.
Vatnet stig raskt. Det går over støvlane til Joakim, og han blir våt. Snart er det så djupt at Burgund må svømme rundt han. Joakim ser vatnet gå over ringen han har bygd. Ein etter ein kjem krabbene ut.

13.
Joakim kjenner at dei kjem mot han, dei klatrar på støvlane hans. No kan han tydeleg kjenn at dei prøver å klype hol i støvelen. Bensinkanna flyt sakte forbi.

14.
– Mamma, ropar han. Stemmen skjelv, det blir meir eit pip enn eit rop. Han kjenner noko røre på seg – inni støvelen

­– Maaaaaaaaammmaaaa! Hjelp meg!

15.
Vatnet når han over magen. Tårene gjer at vatnet stig raskare.

16.
Ingen ser Joakim. Burgund svømmer og svømmer, det går saktare og saktare. Sjølv ein hund blir sliten.

17.
Langt borte høyrer han mamma rope. – No må du komme inn, Joakim. Det er middag.

Joakim svarar. Stemmen er låg.

3 responses so far

May 04 2008

Er Oslo ein del av Noreg?

Det er underleg å høyre på eldste guten min av og til. Ofte når han leikar, legg han om til eit slags oslomål. Eg skuldar på Barne-TV, filmar og liknande (korfor er det så få som snakkar anna enn austlandsk i filmar for barn?). I alle fall i dag laga han bæsjesuppe, og det skjedde på austlandsk. Lettare irritert påpeikte eg at han kanskje kunne snakke ordentleg, og ikkje knote. Svaret kom kontant:

– Men pappa, vi leika at vi ikkje er i Norge.

– Å, kor dokk er då, spurte eg.

– Vi er i Oslo, kom sluttkommentaren.

2 responses so far

Mar 30 2008

Uavgjort - og gratulerer til Universitetet

Dette har vore ei strålande helg. Det starta på fredagen. Då feira Universitetet i Tromsø at det var 40 år sidan Stortinget sa ja til å starte opp. Det er ingen tvil om at Universitetet har betydd enormt mykje for Tromsø og for landsdelen. Men det viktigaste med eit Universitet er undervisninga og forskinga. Det er derfor utruleg bra at Universitetet kan melde om ny rekord i talet på doktorandar i jubileumsåret. Gratulerer til alle som har vore med på å bygd opp denne fantastiske kunnskapsinstitusjonen.

Laurdagen var like bra, men av meir personlege grunnar. Sola skein, det var ein fantastisk vinterdag og ungane imponerer stadig meir på ski. Få ting kan konkurrere med å vere ein stolt far når sola varmar i bakkane.

Til sist då søndagen. Det såg lenge ut til å bli ein nedtur. Lillestrøm tok tidleg leiinga, men gutan spelte godt og fekk til ei velfortent utlikning. Det burde vore siger, men når Liverpool vann så vart det likevel ein OK dag.

No responses yet

Feb 10 2008

Reinkappkøyring

Av og til er det berre artig å vere politikar. I dag var ein slik dag. Eg hadde blitt utfordra av sametingspresident Egil Olli til reinkappkøyring under sprint-NM i Tromsø i dag. Reinsen spring med ei fart av opptil 70 km/t og kuskane heng etter på ski. Eg var livredd før det starta, men det viste seg å vere utruleg artig. Bladet Tromsø har ein video av seansen som du finn her: http://www.itromso.no/nyheter/article135960.ece

Nordlys skriv her og NRK her.

Reinkapplop

No responses yet

Next »

Lukk
E-mail It