May
04
2008
Det er underleg å høyre på eldste guten min av og til. Ofte når han leikar, legg han om til eit slags oslomål. Eg skuldar på Barne-TV, filmar og liknande (korfor er det så få som snakkar anna enn austlandsk i filmar for barn?). I alle fall i dag laga han bæsjesuppe, og det skjedde på austlandsk. Lettare irritert påpeikte eg at han kanskje kunne snakke ordentleg, og ikkje knote. Svaret kom kontant:
– Men pappa, vi leika at vi ikkje er i Norge.
– Å, kor dokk er då, spurte eg.
– Vi er i Oslo, kom sluttkommentaren.
Del dette!
Mar
30
2008
Dette har vore ei strålande helg. Det starta på fredagen. Då feira Universitetet i Tromsø at det var 40 år sidan Stortinget sa ja til å starte opp. Det er ingen tvil om at Universitetet har betydd enormt mykje for Tromsø og for landsdelen. Men det viktigaste med eit Universitet er undervisninga og forskinga. Det er derfor utruleg bra at Universitetet kan melde om ny rekord i talet på doktorandar i jubileumsåret. Gratulerer til alle som har vore med på å bygd opp denne fantastiske kunnskapsinstitusjonen.
Laurdagen var like bra, men av meir personlege grunnar. Sola skein, det var ein fantastisk vinterdag og ungane imponerer stadig meir på ski. Få ting kan konkurrere med å vere ein stolt far når sola varmar i bakkane.
Til sist då søndagen. Det såg lenge ut til å bli ein nedtur. Lillestrøm tok tidleg leiinga, men gutan spelte godt og fekk til ei velfortent utlikning. Det burde vore siger, men når Liverpool vann så vart det likevel ein OK dag.
Del dette!
Feb
10
2008
Av og til er det berre artig å vere politikar. I dag var ein slik dag. Eg hadde blitt utfordra av sametingspresident Egil Olli til reinkappkøyring under sprint-NM i Tromsø i dag. Reinsen spring med ei fart av opptil 70 km/t og kuskane heng etter på ski. Eg var livredd før det starta, men det viste seg å vere utruleg artig. Bladet Tromsø har ein video av seansen som du finn her: http://www.itromso.no/nyheter/article135960.ece
Nordlys skriv her og NRK her.

Del dette!
Jan
11
2008
Ein av dei tingane eg skal starte med, ein eller annan gong er kiting. Det verkar heilt vidunderleg å segle over vidder og hav hengande etter ein slik drake.
Opplevelsen må vere fantastisk. Det er noko heilt spesielt med å komme seg fram med stor fart utan bruk av motor.
Stor var derfor gleda mi når eg oppdaga at også reiarlag har oppdaga denne gleda. Tekninsk Ukeblad melder om at store skip har starta med kiting eller drakedrift.
Denne type drakar som eit hjelpemiddel i framdrifta av store frakteskip kan redusere bruken av olje til motorane med 15 til 35 prosent. Større effektivitet i framdrift fører og til mindre utslepp av klimagassar og NOx. Drakane kan gje ei drakraft på frå åtte til 32 tonn. Målet er å lage drakar med ei trekkraft på 250 tonn. Det er denne typen oppslag som gleder hjartet til ein teknologioptimist, og eg gler meg vilt og uhemma til eg kan sjå hurtigruta kome seglande opp langs kysten. Kanskje kan vikingane sine drakeskip endeleg få ein renesanse. Skal vi løyse klimautfordringane har også drakar ein plass.
Del dette!
Jan
08
2008
Endeleg kom snøen til Tromsø. Det var ikkje ein augneblink for tidleg, men når eg sykla heim frå arbeid i dag, då merka eg snøen. I byrjinga tenkte eg ikkje så mykje på det. Vi er jo van til at det er litt snø i gatene, men etterkvart vart det ei utfordring. Snøen pakka seg mellom hjul og skjerm.
Eg måtte stoppe kvart femte minutt og banke snøen laus. Etterkvart måtte eg grynne til opp til navet. Det gjekk saktare og saktare, men eigentleg var eg ganske nøgd. For mitt i all denne snøen tok eg til å få ei kjensle av polekspedisjon. Eg kjempa meg fram med tung sykkel gjennom snøen. Motstanden var hard, men det at det trass alt gjekk framover fekk fram den gode kjensla av å vere ein sterk mann som overvinn naturkreftane for å komme heim til kjerring og ungar. Det var derfor ein våt og kald, men ganske fornøyd mann som kom heim etter arbeid i dag. Den gode kjensla vara i eit par sekund. Der kom polkjempen, urmannen litt stolt over kor fort det trass alt gjekk. Ho eg bur saman med delte ikkje heilt den oppfatninga.
– Kor du vart av, skulle ikkje du lage middag, seier ho ganske spist
– Jo, svarte eg, men det var mykje snø, eg kjempa meg fram gjennom snødrivene. Kulturstien var verkeleg ei utfordring.
–Kulturstien, for ein tosk du er, i denne snøen. Ikkje rart du er sein!
Og når trappa var allereie var måkka (av andre enn eg) og middagen ferdig, ja då gjekk eg inn og åt middag med ein mindre bratt nakke enn eit halvt minutt tidlegare.
Del dette!
Jan
07
2008
Som den gode datanerden eg av og til er, har eg no gjort noko nytt. Eg har installert ei ny bloggprogramvare. Første gong eg har gjort noko slik. Artig å få det til. Dei gamle blogginnlegga mine finn du på blogg.skogholt.org, men eg håper å få flytta nokre av dei over hit snart. Skal og gjere eit forsøk på å gjere denne bloggen litt vakrare med tid.
Del dette!
Jun
09
2006
Ein gong i min pure ungdom lærte eg meg at du kan smake på eit batteri for å finne ut om det er straum igjen på batteriet. Dette funka først og fremst på dei gamle flate 4,5v batteria som no er blitt meir eller mindre borte. Det var lett å få begge polane borti tunga samtidig. Og var det straum, vart det og ei herleg sitring.
Dette har fått meg til å tenke, på kraftkrisa i Midt-Noreg. For det eg huskar frå barndomen er at det nesten alltid var litt straum att på batteriet, også etter at lommelykta ikkje funka lenger. Og slik er det på dei aller fleste batteri, det er litt straum igjen. Eg tør ikkje tenke på kor mange batteri som blir kasta kvar dag med litt straum igjen på ? men mange er det.
Burde vi ikkje fått til ein nasjonal dugnad der vi samla inn desse batteria og sendte dei til Midt-Noreg? Då kunne vi bygd ein batteritappingsfabrikk i Skogn som var spesialkontruert for å tappe siste rest av alle batteri. Det ville vore eit godt og miljøvenleg bidrag til å løyse kraftkrisa.
Del dette!
Mar
27
2005
Hei
No har eg tenkt å hive meg på denne bølgja av blogging som går over verda. Eg er svært spent på to ting. 1. Kjem eg til å skrive noko fornuftig, og 2 kjem nokon til å lese dette og svare meg. Følg med, så får vi sjå.
Del dette!