Ikkje politikk

Gratis, men berre om vi betaler

Det er flott med alt det fine gratisinnhaldet som finst på nett. Flinke folk brukar timar, engasjement, kunnskap og kreativitet for å skape gratis glede og lærdom til oss. Men, det er sjølvsagt ingen gratis lønsj der ute. Utan inntekter er det ingen som i lengda kan bruke tid og engasjement for å underhalde meg, eller lære meg nye ting. Derfor har eg lenge tenkt at det er på tide å betale litt for seg – i alle all for det eg verkeleg set pris på på nettet, og i dag gjorde eg det. Eg tok fram kredittkortet mitt og sendte ei lita gåve til nokre av dei eg gjerne vil skal halde fram med å skape på nett. Dei som fekk ei gåve hos meg i dag var:

  • Teikneserien «Stand Still Stay Silent» stod øvst på lista, men Minna tar ikkje mot donasjonar. Eg tenkte å kjøpe ein plakat for å støtte. 15 dollar kosta det. Greitt nok, men 15 dollar i porto vart i overkant. Får vente til ho ordnar ein måte å donere på. Det er ein vakker nettserie om verda 90 år etter ein pest nesten har utrydda menneskeslekta.
  • Podcasten «This American Life» er stor og får sikkert mykje støtte, men dei treng alltid meir. Daglegdagse og ikkje fult så daglegdagse historier frå USA (for det meste).
  • «Radiolab» er ein annan fantastisk podcast som lærer meg mykje. Historier i grenselandet mellom vitskap og kultur.
  • Open Democracy er ein nettstad som søker å vere ein digital allemenning. Gode artiklar om mange ulike tema.

Korfor skriv eg dette, jau fordi eg trur vi alle må bli flinkare til å betale litt for innhaldet på nett for at det framleis skal vere «gratis» og for at fleire skal få lyst til å skape til glede for oss alle.

Dessutan vil eg gjerne at du skal dele med oss nokre av dei gratistinga du bruker på nett og som fleire burde få glede av.

Standard
Ikkje politikk

Lage bjørkesevjesirup

Heilt sidan eg som 10-12 åring leste «Det lille huset i skogen» så har eg hatt lyst til å prøve å lage sirup. Det er ei fantastisk scene i denne boka om korleis dei tømmer varm lønnesirup rett på snøen slik at det blir sukkertøy av det. (Det er i alle fall slik eg hugsar det, det treng ikkej å stemme med boka). Uansett, eg innsåg tidleg at det er lite lønn å tappe sirup av både i Lofoten og i Tromsø, men på eit eller anna tidspunkt gjekk det opp for meg at det skal gå an å lage sirup av bjørkesevje. Det  har tatt nokre år, men i år har eg endeleg prøvd meg.

Prosessen er ganske enkel. Du borar eit hol i ei bjørk, stikk noko inn for å tappe sevja. Tar sevja inn og koker til det har blitt sirup.

Eg brukte ein 10mm bor, bora ca to cm inn i treet og stakk inn heverten min.

Illustrasjon av korleis tappe  sevje

Eg hadde tidlegare bora eit tilsvarande hol i korka til ei halvannaliters brusflaske slik at eg kunne stikke den andre enden av heverten inn der.

I løpet av eit drøyt døgn hadde eg skaffa meg litt over tre liter bjørkesevje.

Tre liter bjørkesevje

I følgje det store internettet kan ein tappe fem liter av ei stor bjørk utan å skade treet. Dette fordelte eg på to ganske store tre så det burde ikkje vere noko fare for trea. Det er viktig å plugge hola i trea når du er ferdig å tappe slik at dei ikkje held fram med å blø.

Så er det å koke sevja. Igjen, i følgje internett og google skal bjørkesevje innehalde ca 13 gram sukker per liter. Sirup er som vi veit ganske mykje søtare enn som så, så sevja må kokast lenge. Veldig lenge. 20 liter sevje skal visstnok bli ein halv liter sirup. Eg kokte mine drøye tre liter inn til omtrent 1,5 desiliter. Då såg det slik ut.

Ferdig sirup

Vart det godt. Ja det synst eg. Sirupen var blitt søt, men ikkje særleg klissete. Eg trur eigentleg eg burde kokt den inn enno litt meir. Smaken var søt med ein tøtsj av bjørkeskott. Absolutt verd å prøve seg på, men kanskje ikkje noko eg kjem til å gjere veldig mange gonger.

Standard
Ikkje politikk,Troms og Tromsø

Snø, Gardermoen og Kafka

Det skulle vere ei heilt vanleg jobbreise. Eg skulle til Dublin på eit prosjektmøte i eit prosjekt vi er med i for the European Space Agency.

Eg møter opp på flyplassen i Tromsø i strålande vintervêr torsdag morgon. Flyet kjem seg endeleg av garde ein time forseinka. Det var snø på Gardermoen og vi måtte vente på landingstid. Dette var første varslet på at ikkje alt skulle gå perfekt.

Vel framme på Gardermoen landa vi i 19-fløya. Vi hadde 15 minutt til flyet til Dublin skulle gå. Boarding blinkar på infoskjermane. Vi la til flekkings gjennom korridorane på Gardermoen. Undervegs kom tekstmeldinga frå SAS om at flyet til Dublin dessverre var forseinka, vi slappa litt av. Rakk til og med innom tax free’n og fekk oss snus. For sjølv om dei har Guinnes i Dublin så har dei ikkje snus.

Etter kvart som meldingane frå SAS rann inn vart sjansane for snus og guinness i Dublin mindre og mindre.

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny tid: 1130
Mvh SAS

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny info: 1315
Mvh SAS

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny tid: 1330
Mvh SAS

Etter utsettinga til 1330 fekk vi matbongar. Vi hadde akkurat fått oss litt mat då det plutseleg blinkar boarding på inforskjermane. Vi hiv i oss maten og spring. Vi blir møtt av denne koøen til passkontrollen.

image

Heile tida medan vi står der blinkar det forlokkande boarding på infoskjermane. Men, merkeleg nok slepp dei ingen gjennom passkontrollen. Ingen kan svare noko på kva som skjer. Vi ventar. Det tikkar inn ei tekstmelding klokka 1346 at flyavgangen er utsett til 1345. Noko seinare sluttar det å blinke boarding på infoskjermen. No står det «cancelled» med store bokstavar. Vi finn etter kvart nokon å spørre og får beskjed om å henvende oss til informasjonsskranken. Der står vi ein time i kø, bevegar oss kanskje ti meter framover.

image

I denne timen ringer eg først SAS. Overraskande kort telefonkø. Eg kjem gjennom, men får beskjed om å ringe Widerøe, eg hadde bestilt biletten gjennom wideroe.no. Men, widerøe hadde stengt sentralbordet for dagen. Likevel er dei tilgjengelege på epost. Og, eg har jo smarttelefon. Ein epost blir slengt i veg. Svaret frå Widerøe:

Du er allerede sjekket inn, og er således på reise.
Du skal da ivaretas av SAS, som skal booke deg om til neste ledige avgang (evt. alternativ reiserute), og om det ikke er noen alternativer i dag tilby kost & losji + fri ombooking til i morgen.

Kontakt SAS kundesenter på Gardermoen.

Væpna med dette ringer eg SAS slik dei oppfordrar til på høgtalaranlegget. Eg får snakke med ei dame, legg fram problemet mitt og viser til eposten frå Widerøe. Ho må snakke med sjefane sine, men kjem tilbake med beskjed om at dette er Widerøe sitt problem og at eg må snakke med dei likevel. Eg melder dette tilbake til Widerøe på ein ny epost. Litt meir agressiv i tonen denne gongen.

Beskjeden eg får frå SAS er at det er widerøe som må gjere ombookinga. Håper dokker fiksar dette, eg er lei av å vere kasteball. Ring meg gjerne på 97077457

Svaret frå Widerøe:

Hei Det er ALLTID flyplassen som skal håndtere dagens trafikk og reisende ved irregularitet. SAS er innleid av Widerøe til å utføre denne jobben, og skal booke om din reise samt eventuelt utstede matkuponger og hotelvoucher

.

Legg og merke til den faste underskrifta på epostar frå Widerøe:

Bestiller du dine reiser på www.wf.no får du Norges beste og raskeste kundeservice på kjøpet.
Hos oss kan du bestille hele din reise, både SAS og Widerøe i tillegg til mange andre flyselskap.

Kan eg få tillate meg å tvile?

Etter denne timen i kø på telefon og epost kjem det opprop på høgtalarane. «Informasjonsskranken i avgangshallen kan ikke hjelpe med ombooking, alle må gå ned til bagasjebåndene og snakke med informasjonsdesken der»
Vi går – eller vi spring, her er ein sjanse til å avansere i køen!

Nede i bagasjehallen sit det ei stakkars dame i skranka. Eg trekk kølapp. Det står 250 på lappen, over dama lyser 457. Eit eller anna er ikkje heilt rett. Eg brøytar meg fram, roper ganske uhøfleg til dama, og får som svar at vi må ut i avgangshallen og snakke med billettkontoret.

Igjen spring vi, nok ein sjanse til å komme seg fram i køen!
Eg kjem fram, klokka er no halv fem, får meg kølapp. Nummer 6784. Over skranka lyser 6180. Berre litt over 600 før meg i køen.

image

Ting ser lyst ut.

Klokka sju finn eg den andre køen, for å få hotell. Eg får meg hotellvoucher. Finn ut at eg kan ta meg pause frå køen. Set meg på bussen til hotellet, får meg middag, kviler ein halvtime før eg tar turen tilbake til avgangshallen på Gardermoen. Klokka ni, dei er komen til 6200. 20 personar er ekspedert på dei nesten fem timane eg har venta. (no tel eg ikkje dei som har gullkort, dei står i ein annan kø).

Klokka 22 gjev eg opp. Reiser til hotellet. Søv, og møter på Gardermoen klokka seks. Køen er allereie milelang. Eg snakka med ein av dei som står mindre enn 20 meter frå skranka. Han hadde stått der sida klokka fire i natt.

image

Eit utsnitt av dagens kø

Så kva gjer eg no? Ventar, kva anna kan ein gjere. Første ledige plass på eit fly til Tromsø er visst måndag.

Standard
Ikkje politikk,Troms og Tromsø

Dialektangst

Eg hadde ein liten prat med jenta mi på seks om bøying av sterke verb i dag. Ho meiner at «å gi/å gje» er eit svakt verb som heiter «gidde» i fortid, medan eg meiner at det er sterkt og heiter «ga/gav» i fortid.

Vi vart etterkvart samde. Eller, ho aksepterte at eg nok hadde rett. Men det var då ho kom med hjartesukket

– Kan vi ikkje alle heller snakke oslodialekt. Det er så mykje enklare.

Men det heiter vel ikkje «gidde» der heller?

Eg gjev foresten TV og internett skulda

Standard
Ikkje politikk

Kva skal du høyre på – Podkast!

Podkastar har fått ein slags renessanse gjennom populariteten til Serial. No er det sjølvsagt litt rart å snakke om renessansen til eit fenomen som er knappe ti år gamalt. I alle fall Serial er fantastisk radio. Over ti episoder blir fortellinga om ei mordsak lagt fram. Og, heile tida er det uklårt, gjorde han det eller gjorde han det ikkje. Eg veit enno ikkje. Han vart dømt i alle fall. Eg håper at suksessen til Serial gjer at podkasting veks fram. Det er rett og slett fantastisk å kunne høyre dei programma eg synst er best når det passar meg. Har du ikkje prøvd? Her er nokre framlegg:

  • This American Life er eit av verdas mest populære podkast. Kva veke fortel dei fantastiske historiar frå USA. Har du ikkje tid til anna, høyr på denne!
  • Eit anna populært show er Radiolab. Dette er godt fortalt populærvitskap
  • Freakonomics er artig, eit liberalistisk-økonomisk sideblikk på det meste av rare fenomen i samfunnet.
  • NRK har mange gode program, du finn heile lista deira over podkastar her. Eg synst Språkteigen funkar godt på skiturar, Ekko Viten (spesielt Abels tårn) er glimrande på veg heim frå jobb og Museum i bilen.
  • Digital Politics er nok for dei spesielt interessert i politikk og valkamp, men det er jo eg.

Kva lyttar du på? Gode tips til å utvide lyttaruniverset mitt.

Standard